Machala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Machala er ein kystby lengst sør i Ecuador ved Guayaquilbukta og hovudstaden i El Oro-provinsen. Folkesetnaden var ca 217 000 i år 2000. Byen ligg ca 200 km sør for største byen i landet, Guayaquil.

Machala er eit kommersielt senter for jordbruksindustri i provinsen. Her er stor lokal handel med banan, kaffi og kakao. Jamvel om bananeksporten hadde mest å seie under bananboomen 19481965, så er Machala av mange framleis rekna som verdas bananhovudstad. Puerto Bolívar er namnet på hamna og ligg 7 km sør om Machala by.

Nær byen ligg landets einaste gasskraftverk (2005) som utnyttar gass frå eit naturgassfelt i Guayaquilbukta. Her finst òg ein liten flyplass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

en:Machala