Mahadjanapada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Mahadjanapada-rika i India.
Sørasiatisk historie

Mohenjo-daroAsokanpillar-crop.jpgJinnah og GandhiAkash-missil

Steinalder 70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen • 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen 3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur 1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid 1500–500 f.Kr.
Jernalder 1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada • 700–300 f.Kr.
Magadhariket • 545–320 f.Kr.
Mauryariket • 321–184 f.Kr.
Mellomrika 230 f.Kr.–1279
Satavahanariket • 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket • 60–240
Guptariket •280–550
Palariket • 750–1174
Tsjolariket • 848–1070
Muslimske rike 1206–1596
Delhi-sultanatet • 1206–1526
Dekkan-sultanat • 1490–1596
Hoysalariket 1040–1346
Kakatiyariket 1083–1323
Vidjayanagarariket 1336–1565
Marathariket 1674–1818
Mughalriket 1526–1707
Sikh-samveldet 1716–1849
Britisk India 1858–1947
Delinga 1947 og vidare

Mahadjanapada (sanskrit महाजनपद, mahājanapada, 'stort land') er ei nemning for fleire større rike som fanst i Nord-India mellom 500- og 200-talet f.Kr., ein grunnleggjande periode i indisk historie. Samtidige buddhistiske tekstar nemnar 16 slike rike. Nokre av desse er også kjende frå vediske tekstar — dette gjeld Gandhara, Kambodja, Kuru/Pantsjala, Matsya, Kashi og Kosjala. Resten av rika — Avanti, Asjvaka, Sjurasena, Vatsa, Tsjedi, Malla, Vridji, Magadha og Anga — var nye statsdanningar. Desse var delvis danna av eldre statar og delvis av nye landområde i aust som byrja bli meir viktige.

Mahadjanapada-rika var anten monarki eller styrt som ein slags republikkar eller oligarki, danna som høvdingdøme av ein eller fleire klanar. Det fanst også ei rekkje mindre statar med liknande styresett, som Koliya-, Moriya-, Jnatrika-, Sjakya- og Littsjavi-statane. Sistnemnde fekk etterkvart svært mykje makt.

Institusjonsdanninga og den sosiale lagdelinga i denne perioden tyder på eit stabilt, landbruksbasert samfunn. I Mahadjanapada-tida blei det utvikla to ulike skriftystem, brahmi og kharoshti, som blei forløparane til ei rekkje moderne indiske skriftsystem. Ein byrja også ta i bruk mynar av kopar og sølv.

Fleire byar voks til under Mahadjanapada-tida, som storbyar, marknadsbyar og busetnader med bymur. Det blei også utvikla ei rekkje laug (shreni). Nokre av desse blei etterkvart til kaster.

Det fanst fleire ulike religiøse strømningar i denne tida, typisk i mindre sekter som ajivika og carvaka. To sekter blei etterkvart til eigne religionar, buddhismen grunnlagd av Gautama Buddha, og djainismen, grunnlagd av Mahavira. Begge religionane stilde spørsmål ved dei gamle vediske normene. Dei preika begge ikkje-vald og motstand mot dyreofringar. Dei hadde system med omvandrande munkar og kloster, og gav kvinner moglegheit til å delta i desse systema.

Tekstar[endre | endre wikiteksten]

Buddhistteksten Anguttara Nikaya nemner dei seksten Mahadjanapada-rika fleire gonger.[1] Digha Nikaya nemner tolv av dei, men utelèt fire av dei (Assaka, Avanti, Gandhara og Kamboja).[2] Tsjulla-Niddesa nemner også Kalinga og Yona, medan ho utelèt Gandhara. Djainteksten Bhagavati Sutra har eit anna religiøst og geografisk fokus, og nemner desse Mahadjanapada-rika: Anga, Banga (Vanga), Magadha, Malaya, Malavaka, Accha, Vaccha, Kochcha, Padha, Ladha (Lata), Bajji (Vajji), Moli (Malla), Kasi, Kosala, Avaha og Sambhuttara.

Panini skreiv sanskritgrammatikken sin i denne perioden, medan Yaska skreiv det etymologiske verket Nirukta. Talemåla i Mahadjanapada-rika var stort sett prakritspråk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mahadjanapada

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anguttara Nikaya I. p 213; IV. pp 252, 256, 261. Oppgjeve i Engelsk Wikipedia.
  2. Digha Nikaya, Vol II, p 200. Oppgjeve i Engelsk Wikipedia.
  • «India», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.