Induskulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørasiatisk historie

Mohenjo-daroAsokanpillar-crop.jpgJinnah og GandhiAkash-missil

Steinalder 70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen • 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen 3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur 1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid 1500–500 f.Kr.
Jernalder 1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada • 700–300 f.Kr.
Magadhariket • 545–320 f.Kr.
Mauryariket • 321–184 f.Kr.
Mellomrika 230 f.Kr.–1279
Satavahanariket • 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket • 60–240
Guptariket •280–550
Palariket • 750–1174
Tsjolariket • 848–1070
Muslimske rike 1206–1596
Delhi-sultanatet • 1206–1526
Dekkan-sultanat • 1490–1596
Hoysalariket 1040–1346
Kakatiyariket 1083–1323
Vidjayanagarariket 1336–1565
Marathariket 1674–1818
Mughalriket 1526–1707
Sikh-samveldet 1716–1849
Britisk India 1858–1947
Delinga 1947 og vidare

Induskulturen er ein tidleg høgkultur som fann stad i den sørasiatiske bronsealderen, frå midten av 2000-talet til midten av 1000-talet f.Kr. Det er funne spor etter kulturen i store område rundt elva Indus, der dei best kjende byane er Harappa og Mohenjodaro. Indusfolka utvikla byplanlegging, kloakksystem, eit teiknsystem og økonomi og dreiv handel med det gamle Egypt og Mesopotamia. Nedgangen til kulturen rundt 1500 f.Kr. er sett i samanheng med den ariske innvandringa til Sør-Asia, men dette er usikkert.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Kart over induskulturen med store funnstader avmerkte.

Induskulturen dekte det meste av noverande Pakistan med mindre funnstader i Afghanistan, Turkmenistan og Gujarat i India. Funnstadene ligg særleg langs Indus, men også langs sideelver som Hakra i Pakistan og Ghaggar i India. Medan dei fleste byane låg nær elver, er det også funne nokre langs kysten og på øyar.

Kulturen var samtidig med Sumer og Akkad i Mesopotamia og Det gamle riket i Egypt. Europa var inne i bronsealderen (Noreg tildels i steinalderen). Induskulturen er blitt sett i samanheng med namnet Meluhha, som ein finn omtalt i sumeriske kjelder.

Sjølv om induskulturen hadde eit skriftsystem, er dette ikkje blitt tyda, og me veit ikkje kva språk dei tala, eller kva dei kalla seg sjølv. Dei levde før dei sanskrit-talande ariarane, og er blitt sett i samanheng med tidlege dravidiske språk, indoiranske språk, mundaspråk og ein forløpar til det isolerte språket kalto.

«Prestekongen», skulptur frå Mohenjodaro.

Det er likevel mogleg å sjå trekk frå mellom den eldgamle kulturen i dagens Sør-Asia. Teikn, teikningar og figurer viser mønster som ein kan finna att i hinduismen i dag, som ein svastika, trefork, kyr, fallossymbol som kan minna om sjiva-lingaer, kvinner med raudfarge i midtskilen og menneske i yoga-aktige stillingar, mellom anna ein mannsfigur som er blitt spekulativt likna med Sjiva i ei lotusstilling. Armringar og det ein kan sjå av klede, som skjørt og eit klede over ei skulder, kan også minna om noverande sørasiatisk kultur.

Den første staden ein undersøkte arkeologisk var Harappa og deretter Mohenjodaro i 1920-åra. Mehgrarh blei først funne i 1974, men var viktig i å visa utviklinga frå steinalder- til bronsealderbyar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ruinar av hus med bad og do i Lothal.

Det er funne over tusen byar og mindre bustader frå induskulturen. Byane var omkransa av tjukke murar som kan ha verna mot flaum eller fiendar. Langs dei større gatene i byane hadde ein dekte renner for kloakkvatn langs sidene. Bustadhusa hadde ofte gardsplassar og eigne baderom med avløp. Det fanst også lagerhus og hamner og minst eitt offentleg bad.

Segl frå induskulturen.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Tid Fase, knytt til funnstader Utvikling
5500-3300 f.Kr. Mehrgarh II-VI (steinalder med pottemakarkunst) Skriftsystemet utvikla seg rundt 3000 f.Kr.

Folk tok til å leva meir i byar.

3300-2600 f.Kr. Tidleg Harappa (tidleg bronsealder)
3300-2800 f.Kr. Harappa 1 (Ravi-fasen)
2800-2600 f.Kr. Harappan 2 (Kot Diji-fasen, Nausharo I, Mehrgarh VII)
2600-1900 f.Kr. Mogen Harappa (midtre bronsealder)

Indusbyane blei større og meir innvikla. Standardiserte mål og vekter, murstein av same storleik og eit eit felles skriftsystem tyder på ein sameina politisk kontroll.

I denne fasen blei byane Harappa, Mohenjodaro og Dholavira bygd. Kjende kunstverk blei til, som «prestekongen» og «dansejenta».

2600-2450 f.Kr. Harappa 3A (Nausharo II)
2450-2200 f.Kr. Harappa 3B
2200-1900 f.Kr. Harappa 3C
1900-1300 f.Kr. Sein Harappa (Gravstad H, sein bronsealder)

Nedgangstider av ukjente grunnar førte til at byane gradvis blei forlatte.

1900-1700 f.Kr. Harappa 4
1700-1300 f.Kr. Harappa 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Induskulturen» i Caplex
  • Timechart History of India (Robert Frederick Ltd., 2005)