Majdanek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
2003-11 KZ Majdanek.png

Konzentrationslager Majdanek eller Maidanek var ein tysk konsentrasjonsleir, under andre verdskrigen, i Lublin, Polen.

Leiren var ein av dei seks største nazistiske utryddingsleirane, og var ein del av den nazistiske planen om total utrydding av jødane.

Andre utryddingssentra var mellom anna Auschwitz, Belzec, Sobibor og Treblinka.

Ifølgje forskarar tilknytte Majdanek Museum blei 78 000 drepne i leiren, av dei 59 000 jødar. Men det ligg føre tal som er mykje høgare òg. Mange omkom òg av svolt og sjukdom.

I 1942 blei det bygd gasskammer i leiren, der fangar blei myrda med karbonmonoksid og Zyklon B.

Leiren blei oppretta i oktober 1941 og han blei frigjord, nesten intakt, av den sovjetiske raude arméen i juli 1944. Majdanek var den første store konsentrasjonsleiren som blei frigjord av allierte styrkar.

Eit museum blei oppretta på leirområdet straks etter frigjeringa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Majdanek

Kjelde[endre | endre wikiteksten]