Maki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Maki (מק"י) er Det israelske kommunistpartiet. Maki er eit akronym for Ha'Miflaga Ha'Komunistit Ha'Ysraelit, og partiet vart danna i 1948 av restane av Det palestinske kommunistpartiet innanfor grensene av den nye staten Israel. Partiet var ikkje sionistisk, men anerkjende Israel. Det meinte òg at dei palestinske arabarane hadde rett til å skipe sin eigen stat, i samsvar med FN-fråsegna om deling av landet. Partiet høyrde til Den kommunistiske verdsrørsla og støtta Sovjetunionen. Maki fekk mellom tre og seks plassar i det israelske parlamentet Knesset frå starten til 1965.

På grunn av dei stalinistiske rettssakene mot jødiske kommunistar i Tsjekkoslovakia, braut det prosovjetiske venstresionistiske arbeidarpartiet Mapam med Sovjetunionen i 1953. Då gjekk somme Mapam-medlemer over til Maki, med Moshe Sneh i brodden. Men i 1965 kløyvdest Maki mellom ei i hovudsak jødisk gruppe leidd av Sneh som var kritisk til den stadig meir fiendtlege sovjetiske politikken overfor Israel, og ei gruppe av i hovudsak israelske arabarar, som gjekk ut og skipa Rakah, «Den nye kommunistlista». Rakah vart anerkjent av Sovjetunionen som det «offisielle» israelske kommunistpartiet.

Etter dette var Maki svekt, og hangla vidare til det gjekk inn i venstrepartiet Ratz i 1984. Dette gjekk i sin tur saman med to andre venstreparti og grunnla Meretz nokre år seinare.

Rakah vart sett på som eit «arabisk» parti sjølv om det vart leidd heilt til slutten av 1980-åra av jødiske Meir Vilner. I 1977 danna partiet valalliansen Hadash, Den demokratiske fronten for fred og likskap, saman med andre ikkje-sionistar. I 1989 endra Rakah offisielt namnet sitt tilbake til Maki og er framleis den leiande krafta i Hadash, som regelmessig vinn mellom tre og seks seter ved val til Knesset.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]