Maksim Vorobjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eik kløyvd av lynnedslag. Allegori til konas død, 1842

Maksim Nikiforovitsj Vorobjev (russisk: Макси́м Ники́форович Воробьёв) (17. august 178711. september 1855) var ein russisk romantisk landskapsmålar. Verka hans hadde stor innverknad på russisk målarkunst.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Vorobjev vart fødd i Pskov, der faren var soldat. Etter militærtenesta var faren vakt på kunstakademiet i St. Petersburg. Sonen Maksim fekk tilgjenge til akademiet i 1798, der han frå fyrsten studerte arkitektur. Men då han avla eksamen i 1809, var det som landskapsmålar.

I 1814 fekk Vorobjev stilling ved akademiet. Frå 1823 verka han i eigenskap av professor. Mellom hans mange elevar fann ein Ivan Ajvazovskij, Aleksej Bogoljubov og brørne Tsjernetsov.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Vorobjev måla både byen og havet, arkitektoniske monument, landskap og krigsscener. Han reiste ein god grann, særleg i 1813 med russiske troppar. Denne tida laga han nokre av sine mest minneverdige verk av både landskap, hav og utanlandske bymotiv. Fleire bilete var frå heimlan, som Utsyn mot Moskva og Utsyn fra Jauza i Kreml i Moskva.

Måleria Vorobjev laga under ein tur til Midt-Austen gjorde han best kjend. Her er det snakk om måleri som Utsyn over Jerusalem og Orientalsk landskap. På slutten av 1820-talet vitja Vorobjev slagplassen ved Donau, der han måla nokre av sine fremste arbeid frå seinare år. Maksim Vorobjevs arbeid påverka mang ein russisk målar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maxim Worobjow