Ivan Ajvazovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ivan Konstantinovitsj Ajvazovskij[1] (29. juli 18175. mai 1900) var ein russisk kunstmålar av armensk ætt. Han er mest berømt for sine marinemotiv, dei utgjer meir enn halvparten av alle måleria hans. Orientalisten Gavril Ajvazovskij var ein eldre bror.

'Måneopplyst kystlandskap med skipsvrak'

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ajvazovskij kom til verda i byen FeodosijaKrim-halvøya, i ein familie av armensk opphav. Familienamnet til foreldra var Ajvazjan. Nokre av måleria hans er signert «Hovhannes Ajvazjan», med armenske bokstavar.

For å utvikle talentet sitt som målar fekk Ajvazovskij pengestøtte så han kunne ta til på gymnas i Simferopol. Ein general i byen vart gjort merksam på han, og skaffa han så læreplass hos ein kunstmålar i Moskva. Frå august 1833 fekk han høve til å studere måleri ved St. Petersburgs kunstakademi.

Ajvazovskij slo sommaren 1836 følgje med ein admiral på tenestereise til Finland, sommaren etter følgde han same admiralen til Krim-halvøya. Her måla han ein heil serie med portrett av kystbyane på Krim.

Eit stort reisestipend frå tsarhoffet gjorde det mogleg for Ajvazovskij i 1839 å vitje byane Berlin, Dresden, Wien, Trieste, Venezia og Firenze før han slo seg til i Roma. Der skulle han studere dei antikke meisterane. Derifrå reiste han i 1840 til Paris, der han var oppfordra til å ta del i ei utstilling på Salongen. Våren 1841 vende han tilbake til Roma og besøkte London året derpå. Han oppheldt seg i den britiske hovudstaden nokre veker. Tilbakereisa førte han over Lisboa og Madrid og atter til Roma.

I 1844 vende Ajvazovzkij over Amsterdam tilbake til St. Petersburg. I Amsterdam heldt han si første særutstilling. Vel heimkomen til Russland vart han av tsaren utnemnd til marinestabens målar. Første oppgåva var å utvikle uniforma i krigsmarinen. Han skulle gjennom åra kome til å måle mange verk for marinen.

I 1846 reiste Ajvazovskij til Istanbul etter invitasjon frå sultan Abd ül-Mecid I. Det var det første av åtte lengre opphald i Istanbul, over dei neste 45 åra. I Istanbul fekk han som eit slags hoffmålar for tre ottomanske sultanar, Abd ül Mecid I, Abdülaziz og Abd ül-Hamid II, ei mengd oppdrag. 30 av måleria hans er i dag utstilt i det ottomanske keisarpalasset. Mange andre bilete finst på ulike andre museum i Tyrkia.

'Slaget ved Sinope', 1853

Ajvazovskij slo seg i 1847 ned i fødebyen Feodosija, der han hadde fått bygt eit stort atelier. Vinteren 1857/58 hadde han tilhald i Paris, stilte ut av sine verk der. Han var utsending ved opninga av Suez-kanalen i 1869, med oppdrag frå hoffet om å måle eit monumental-måleri. Ei stor utstlling av hans arbeid vart halden i St. Petersburg i 1873.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Gjennom eit langt kunstnarliv vart Ajvazovskij den mest produktive av samtidige, russiske kunstmålar. Han let etter seg over 6000 verk ved sin død i 1900. Med midlar tent gjennom si suksessfulle karriere som kunstnar, opna han kunstskule og galleri i heimbyen Feodosija.

Han døydde i fødebyen.

Etter seiande er Ajvazovskij den mest forfalska av alle russiske kunstmålarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivan Ajvazovskij

==Kjeld

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrillisk skrift Иван Константинович Айвазовский, armensk Hovhannes Ajvazovski