Pskov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pskov
Псков
Kreml i Pskov
Kreml i Pskov
Byvåpenet til Pskov
Byvåpenet til Pskov


Plassering
Pskov is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Pskov
Grunnlagd
Borgarmeister Jan Lusin
Geografi
Flatevidd
 - By

95,5 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

194 900
  2 040,8 /km²
Koordinatar 57°49′0″N 28°20′0″EKoordinatar: 57°49′0″N 28°20′0″E
Høgd over havet 45 moh
Tidssone
- Ved sommartid
Diverse annan informasjon
Postnummer 180000–180026
Retningsnummer (tlf) (+7)8112
Nettstad: www.pskovgorod.ru

Pskov (russisk Псков) er ein gammal by i Pskov oblast i Russland. Han ligg ved elva Velikaja, rundt 20 km austan grensa mot Estland. Pskov er administrativt senter for Pskov oblast. Byen dekker eit areal på 95,5 km². Byen har like under 200 000 innbyggjarar (2007).

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Stefan Batory si omleiring av Pskov, av Karl Brullov
Dusinvis av gamle kyrkjer finst i heile Pskov.
Pskov sett frå kreml

Namnet på byen, som opphavleg vart skrive «Pleskov», kan laust setjast om til «byen med sildrande vatn». Byen vart først nemnd i 903, då det vert sagt at Igor av Kiev gifta seg med ei lokal kvinne, St. Olga. I Pskov vert dette rekna som året byen vart grunnlagt, og i 2003 var det ei stor feiring for å markere 1100-årsjubileet til byen.

Første fyrsten av Pskov var yngste sonen til St. Vladimir, Sudislav. Han vart sett i fengsel av bror sin Jaroslav, og vart ikkje sleppt fri før sistnemnde døydde fleire tiår seinare. På 1100-talet og 1200-talet høyrde byen inn under Republikken Novgorod. I 1241 vart han hærteken av Den tyske riddarordenen, men Aleksander Nevskij frigjorde han fleire månader seinare under eit legendarisk felttog dramatisert i Sergei Eisenstein-filmen Alexander Nevsky frå 1938.

For å sikre sjølvstende frå riddarane valde innbyggjarane i Pskov den omvendte litauiske fyrsten Daumantas (kjend på russisk som Dovmont) som sin militære leiar og fyrste i 1266. Etter å ha bygt festningsverk i byen, vann Daumantas over riddarane ved Rakovor og vann store delar av Estland. Leivningane hans og sverdet er bevart i kreml i byen, og kjernen av borga som han sjølv fekk bygt, vert framleis kalla Dovmonts by.

Republikken Pskov[endre | endre wikiteksten]

På 1300-talet fungerte byen som hovudstad i ein de facto sjølvstendig republikk. Den største styrken deira var handelsmennene som tok byen inn i Hansaen. Sjølvstendet til Pskov vart formelt godkjent av Novgorod i 1348. Fleire år seinare ferda rådet i byen (vetsje) ut ei lovsamling kalla Pskov-dokumentet som var ei av dei viktigaste kjeldene til den seinare all-russiske lovsamlinga som vart utferda i 1497.

For Russland var Republikken Pskov ei bru mot Europa. For Europa var han ein vestleg utpost av Russland, og mål for gjentekne åtak opp gjennom historia. Utruleg nok stod kreml i byen (kalla Krom i Pskov) 26 omleiringar berre på 1400-talet. På eit tidspunkt var han omgjeven av fem steinmurar, som gjorde byen praktisk talt umogeleg å ta, ein lokal skule av ikonmåling blomstra, og lokale murarar vart tilsette som dei beste i Russland. Mange særlege trekk ved russisk arkitektur vart først introduserte i Pskov.

I 1510 fall byen til slutt for styrkar frå storfyrstedømet Moskva. Deportasjonen av adelege familiar til Moskva er tema for Rimskij-Korsakovs opera Pskovitjanka frå 1872. Som den nest største byen i storfyrstedømet trekte Pskov framleis til seg fiendslege armear. Mest kjent er då byen stod imot ei langvarig omleiring av ein polsk armé på 50 000 mann under sluttfasen av Livlandskrigen (1581–1582). Den polske kongen Stefan Batory sette i gang i alt 31 åtak for å storme byen, som stort sett vart forsvard av sivilistar. Sjølv etter at ein av bymurane var øydelagd, greidde pskov-buane å fylle att hòlet og slå tilbake åtaket.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

Peter den store si erobring av Estland og Latvia tidleg på 1700-talet markerte slutten på den tradisjonelle rolla som viktig grensefestning i Russland og ein nøkkel til det indre av landet. Som følgje av dette vart byen og rikdomen han hadde, mindre viktig, sjølv om han har fungert som hovudstad for separate styre sidan 1777. Det var her at den siste russiske tsaren abdiserte i mars 1917.

Under første verdskrigen vart Pskov senter for mykje aktivitet bak frontlinjene, og etter den russisk-tyske fredskonferansen i Brest-Litovsk (22. desember 19173. mars, 1918), vinteren 1917–1918, invaderte den tyske armeen området.

Mellomalderborga gav lite vern mot moderne artilleri, og under andre verdskrigen vart Pskov hardt råka av okkupasjonen til Nazi-Tyskland frå 9. juli 1941 til 23. juli 1944. Mange gamle bygningar, særskilt kyrkjer, vart øydelagde før Wehrmacht kunne okkupere byen. Ein særs stor del av folkesetnaden døydde under krigen, og Pskov har sidan kjempa for å vinne attende den tradisjonelle posisjonen som eit stort industrielt og kulturelt senter for det vestlege Russland.

Landemerke og attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Pskov har framleis bevart mykje av mellomaldermurane sine, bygde frå 1200-talet og framover. Krom, eller mellomalderborga, ser like imponerande ut som alltid. Innanfor murane reiser den 80 meter høge Treeiningskatedralen seg, grunnlagd i 1138 og atterbygd på 1690-talet. Katedralen inneheld gravmæle over helgenfyrstane Vsevolod (død i 1138) og Dovmont (død 1299). Andre gamle katedralar pryder Mirozjskij-klosteret (fullført i 1152), St. Johns (fullført i 1243), og Snetogorskij-klosteret (bygt i 1310 og måla i 1313).

Pskov er usedvanleg rik på små, låge, vakre kyrkjer, hovudsakleg frå 1400-talet og 1500-talet. Det finst mange tylfter av dei over heile byen. Bustadarkitektur frå 1600-talet er representert ved handelsmennene sine herskapshus, som Salthuset, Pogankinkammeret, og Trubinskijgarden.

Av attraksjonar i og rundt Pskov er:

  • Izborsk, eit sete for eldste broren til Rurik på 800-talet og ei av dei mest formidable festningane frå mellomalder-Russland.
  • Holeklosteret i Pskov, det eldste klosteret i Russland med samanhengande drift, og ein magnet for pilegrimar frå heile landet.
  • 1500-talsklostra Krypetskij og Elizarovo, som pla vere eit stort kulturelt og litterært senter for Russland i mellomalderen.
  • Mikhailovskoje, eit familiereir for Alexander Pusjkin, der han skreiv nokre av dei mest kjende verka sine på russisk. Nasjonaldiktaren er gravlagd i det gamle klosteret ved Det heilage fjellet like ved.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Pskov lufthamn ligg 5 km søraust for bykjernen. Han vert òg nytta til militær trafikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pskov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]