Malawisjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Malawisjøen

Malawisjøen, som i kolonitida vart kalla Lake Nyasa, er Afrikas tredje største sjø. Den ligg på grensa mellom Malawi, Mosambik og Tanzania. Malawisjøens utløp er elva Shire, som er ei bielv til Zambezi. Sjøen ligg 474 meter over havet. Den er sannsynlegvis mellom eitt og to millionar år gammal, og på grunn av det tropiske klimaet er vatnet inndelt i skikt med eit varmt lag nær overflata og eit kaldare lag under dette. Vatnet er svært klårt. Vatnnivået varierer med årstidene, men også i lengre syklar som strekkjer seg over fleire år.

I sjøen finst det sannsynlegvis meir enn 500 fiskearter, det er det største antalet artar i ein innsjø i verda. Meir enn 90 % av artane er endemiske. Spesielt viktige er ciklidane, der samtlege utom fem av over 400 artar er endemiske for Malawisjøen. Av øvrige fiskeartar er 28 endemiske for sjøen. Fiskanes rolle for evolusjonsforskinga er samanliknbar med rolla til finkaneGalapagosøyene.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]