Zambezi
| Zambezi | ||
|
|
||
| Utspring | Nær Mwinilunga i Zambia | |
| - Høgd | 1500 moh | |
| Munning | Det indiske havet | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 2574 km | |
| Middelvassføring | 3400 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 1 390 000 km² | |
Zambezi (òg skrive Zambesi) er den fjerde lengste elva i Afrika og den største elva som munnar ut i Det indiske havet frå Afrika. Ho har eit nedslagsfelt på 1,39 millionar kvadratkilometer, og er om lag halvparten så lang som Nilen, kring 3540 km lang. Ho spring ut i Zambia og renn gjennom Angola, langs grensa mellom Namibia, Botswana, Zambia igjen og Zimbabwe, til Mosambik, der ho munnar ut i Det indiske havet.
Det mest spektakulære området av Zambezi er Victoriafalla. Andre kjende fall eller fossar er Chavumafalla ved grensa mellom Zambia og Angola og Ngonyefalla, nær Sioma i Vest-Zambia.
Det er to vasskraftverk og demningar i elva. Desse er Kariba-dammen, forsyner Zambia og Zimbabwe med elektrisitet, og Cahora Bassa i Mosambik, som gjer elektrisitet til Mosambik og Sør-Afrika. Det finst òg eit mindre vasskraftverk ved Victoriafalla.
Bakgrunnsstoff [endre]