Mangold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mangold

Blette.JPG

Vitskapleg namn
Beta vulgaris circla
Utbreiing
Område: Opphavleg Sør-Europa, no store delar av verda.
Habitat: terrestrisk
Systematikk
Rike: Plantar
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Caryophyllales
Familie: Amaranthaceae
Slekt: Beta
B. vulgaris

Mangold, også kalla bladbete og spinatbete, er ein plante i beteslekta i amarantfamilien. Stilk og blad kan brukast som grønsaker. Planten stammar frå middelhavslanda, og blei brukt i oldtida. Han er nært i slekt med raudbete.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «mangold» er av tysk opphav og kjem truleg frå gammalhøgtysk manag, 'mykje' og waltan 'rå, styre'.[1] Planten er også blitt kalla «romersk spinat».

Blomstrande bladbete.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Mangold har store, mørkegrøne blad som kan ha breie eller smale blad med kvite, gule eller raude stilkar. Blada heng saman i eit laust hovud eller som ein rosett. Planten kan dyrkast på friland i Noreg. Kvit mangold kan minna om stilkkål eller kinakål på utsjånad.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Terte med mangold og ost.

Mangold kan brukast rå, til dømes til salat, eller steikt. Stilkane kan kokast som asparges. Blada har ein saftig og mild smak som kan minna om spinat.

Mangoldsortar med kjøtfulle bladstilkar blir kalla stilkbladbete, medan sortar der ein berre bruker blada blir kalla snittbladbete. Minimangold er små sortar med ulik farge på stilk og blad.

Næringsinnhaldet til mangold per 100 gram er ca. 30 mg vitamin C, 380 mg kalium, 0,8 g kostfiber, 93 % vatn, 0,2 g feitt og 88 kJ tilført energi.


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mangold

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mangold» i Nynorskordboka
  • «Mangold» (30. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. mars 2014.
  • Mangold, Bladbete, Opplysningskontoret for frukt og grønt (frukt.no)