Manna
|
Israels-folket åt manna i fyrti år, til dess dei kom til bygde land; manna åt dei alt til dei kom til utenden av Kana’ans-landet. |
Manna er i følgje Andre mosebok, sekstande kapittel, ein mat Gud gav isrealittane å ete medan dei gjekk i ørkenen etter utdrivinga frå Egypt.
I følgje Bibelen var maten isrealittane kalla «manna» «kvitt som korianderfrø og smaka som honningkake».[1] Det låg som fint rim på marka om morgonen, og dei kunne sanke det i store mengder, men om dei lét noko av det dei hadde sanka vere att til morgons, gjekk det makk i det, og det lukta vondt. [2]
Manna er forklart som plantesaft frå tamariskar som veks på Sinaihalvøya, spesielt Tamarix mannifera, ein variant av Tamarix gallica. Plantesafta storknar til søte, velsmakande kuler. [3] Men den planesafta folk i dag kan finne i Sainaiørkenen er ikkje heilt slik Bibelen skildrar mannaen israellittane fekk å ete i ørkenen, så fenomenet er òg forklart på andre måtar, herunder som eit Guds under.[4]
I Johannes' openberring vert kyrkjelyden i stilt i utsikt å få ete av den løynde manna,[5] kanskje eit symbol på lukka i Paradis.
Referansar [endre]
- ↑ 2. Mos. 16,31
- ↑ 2. Mos. 16,20
- ↑ Ordforklaring i Bibelen, utg. ved Det Norske Bibelselskap 1978
- ↑ Catholic Encyclopedia - Manna
- ↑ Op. 17,2