Sinaihalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinaihalvøya
halvøy
Land  Egypt
Areal 60 000 km²
Folketal 597 000 (2013)
Kart
Sinaihalvøya
29°30′0″ N 33°49′0″ E
Wikimedia Commons: Sinai Peninsula
Sinaihalvøya sett frå verdsrommet.
Katarinaklosteret ved Sinaifjellet er rekna som det eldste kristne klosteret

Sinaihalvøya (arabisk Shibh Jazirat Sina شبه جزيرة سيناء) er ei halvøy mellom Middelhavet i nord og Raudehavet i sør. Halvøya ligg i Egypt, og har ei flatevidd på kring 60 000 kvadratkilometer. Landgrensene er Suez-kanalen i vest og grensa til Israel i aust. I Sørvest-Asia kan halvøya verta kalla for Vest-Asia.

Halvøya er nesten berre ørken, men det er noko busetnad langs Sabah-kysten ved Taba (nær den israelske byen Eliat) med hotell og kasino. Sørover langs kysten ligg Nuweiba, Dahab og Sharm el-Sheikh. Det finst òg busetting i nord langs Gazastripa ved El-Arish.

Sinaifjellet i Sinai er kjent frå Bibelen som staden der Moses mottok Dei ti boda.

Grensa i aust for halvøya er ei geologisk forkasting, kjend som den austafrikanske riftdalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sinaihalvøya
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.