Mark Antokolskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mark Antokolskij

Mark Matvejevitsj Antokolskij (russisk:Марк Матвеевич Антокольский), eigentleg Mordechai Matisovitsj Antokolskij, (2. november 184314. juli 1902) var ein russisk bilethoggar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Antokolskij var fødd i Vilnius, som son av fattige jødar. Han kom inn på kunstakademiet i heimbyen etter at kona til den dåverande russiske guvernøren la inn eit godt ord for han. Det første kjende verket hans som bilethoggar var trefiguren "Jødiske skreddarar" (1864). Med skulpturen "Ivan den skrekkelege" vart han i 1870 kjend i Russland. Tsar Aleksander II erverva verket for 8000 rublar, den gongen ein stor sum. Året etter vart han utnemnd til akademikunstnar. Då han hadde fullført studiane, la han ut på ei lengre utanlandsreise der han mellom anna vitja Roma og Paris. I tida etterpå vart han i St. Petersburg ein av dei mest etterspurde bilethoggarane. År 1878 stilte han ut arbeida sine på verdsutstillinga i Paris. To år seinare vart han utnemnd til professor i bilethogging.

Ved sidan av verksemda som bilethoggar dreiv Antokolskij og som skribent. Han skreiv talrike artiklar prenta i kunsttidsskrift. Kort før han døydde skreiv han boka Ben Isaak, der han skildra jødars liv i Vilnius på den tid han var barn. Antokolskij sjølv, som ikkje var oppvaksen med jiddisch språk og kultur, let seg i løpet av livet heilt ut assimilere inn i den russiske kulturen. I dagens Russland gjeld han for å vere ein av dei største russiske bilethoggarane.

Antokolskij døydde i Frankfurt am Main i Tyskland. Liket vart ført til St. Petersburg og gravlagd på gravlunden Preobrasjenskij.

Lenke[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mark Antokolskij