Taganrog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taganrog
Таганрог
Horisonten til Taganrog
Horisonten til Taganrog
Flagget til Taganrog Byåpenet til Taganrog
Flagget til Taganrog Byvåpenet til Taganrog


Plassering
Taganrog is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Rostov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1698
1775
Borgarmeister Vladimir Prasolov
Geografi
Flatevidd
 - By

79,7 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

264 400
  3 317,4 /km²
Koordinatar 47°14′0″N 38°54′0″EKoordinatar: 47°14′0″N 38°54′0″E
Høgd over havet 30 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 347900–347942
Retningsnummer (tlf) (+7)8634
Nettstad: www.taganrogcity.com

Taganrog er ein hamneby på kysten av Azovhavet i Rostov oblast sørvest i Russland, om lag 72 kilometer frå Rostov-na-Donu. Han har om lag 260 000 innbyggjarar (2007).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar har vist at det låg ein gresk busetnad der Taganrog i dag ligg, grunnlagd på 600-talet f.Kr. Han spelte ei viktig rolle i den greske koloniseringa av Svartehavet.

Den første russiske marinebasen vart grunnlagd i Taganrog av Peter den store den 12. september 1698.

Den første borgarmeisteren i Taganrog var Cornelius Cruys (Nils Olsen), ein skreddarson frå Skagen i Stavanger. Han fekk ein eventyrleg start i marinen og i det russiske maktapparatet, då den russiske tsaren i 1681 vitja Amsterdam og tilsette skipparen Cruys som viseadmiral i den russiske flåten. Resten av livet sitt tente han i den russiske marinen og vart den første russiske admiralen.

I 1711 signerte den russiske tsaren ein fredsavtale der området rundt Asovhavet måtte returnerast til tyrkarane og Taganrog måtte jamnast med jorda. I 50 år låg derfor hamna, festninga og byen i ruinar. I 1769 tok russarane byen tilbake og han vart gjenoppbygd etter ordre frå Katarina den store.

I april 1833 møtte Giuseppe Garibaldi, då ein ung kaptein, italienaren Giovanni Battista Cuneo i Taganrog, og vart overtydd om å bli med i revolusjonsrørsla som seinare skulle føre til samlinga av Italia.

I mai 1855 vart byen omleira av franske og engelske styrkar under krimkrigen.

Sovjetarane fekk kontroll over byen den 22. januar 1918, men frå mars til mai 1918 okkuperte tyskarane byen, og i august 1918 tok don-kosakkar kontroll over han. Den raude armeen gjekk inn i byen 24. desember 1919. Under den andre verdskrigen vart Taganrog igjen okkupert av tyskarane i 1941 og vart hardt skadd. 30. august 1943 vart byen frigjeve.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Taganrog er eit industrisenter i Rostov oblast. Den lokale industrien arbeider innan luftfart, maskinbygging, bilindustri, jern- og stålindustri, ingeniørkunst, metallhandel, tømmer, papir, mat, lettindustri og kjemisk industri.

Kjende personar frå Taganrog[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]