Bad Homburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bad Homburg
Erloeserkirche i Bad Homburg
Erloeserkirche i Bad Homburg
Motto
«Champagnerluft und Tradition»
(Sjampanjeluft og tradisjon)
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bad Homburg
Bad Homburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Hessen
Darmstadt
Hochtaunuskreis
Geografi
Flatevidd
 - By

51,17 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

52 081
  1 020/km²
Koordinatar 50°13′0″N 8°36′0″EKoordinatar: 50°13′0″N 8°36′0″E
Høgd over havet 137-250 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 61348-61352
Telefon-retningsnummer 06172
Bilnummer HG
Heimeside: www.bad-homburg.de

Bad Homburg eller Bad Homburg vor der Höhe er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg på den sørlege fjellsida av Taunus og grensar til Frankfurt og Oberursel.

Byen er mest kjend for det medisinske mineralvatnet og kurbada (derfor Bad i namnet) og for kasinoet.

I dag er Bad Homburg igjen ein av dei rikaste byane i Tyskland, mykje på grunna av nærleiken til Frankfurt, og mange direktørar og tilsette i bankane i Frankfurt bur i Bad Homburg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd rundt 1180 og fekk byrettar rundt 1330.

Fredrik I av Hessen-Homburg grunnla landgrevskapet Hessen-Homburg, og Fredrik II (1680 - 1708) vart kjend som Fyrste av Homburg. Etter den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866 vart byen ein del av Preussen. Då kurbadet og kasinoet opna på midten av 1800-talet vart byen ein internasjonalt kjend kurstad, særleg for russiske adelsfolk.

Spaindustrien byrja då ein oppdaga Elisabethenbrunnen i 1834. Den første bygningen tilknytta badet og det første kasinoet vart bygd i 1841-1842 av brørne François (1806-1877) og Louis Blanc (1806-1852), som seinare tok over kasinoet i Monte Carlo. I 1860 fekk byen jernbanesamband med Frankfurt am Main.

I 1888 vart Bad Homburg kjend gjennom heile Det tyske keisarriket då keisar Vilhelm II erklærte slottet i Bad Homburg som sin sommarresidens.

Kurbadet gjekk dårleg i krigsåra, men tok seg kraftig opp att i etterkrigstida og gjennom siste halvdelen av 1900-talet var byen ein populær feriestad for rikfolk. 30. november 1989 vart Alfred Herrhausen, direktør for Deutsche Bank, drepen av ei bilbombe i Bad Homburg. Det vart hevda at dette var eit åtak frå Rote Armee Fraktion, men dette vart aldri avklart.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bad Homburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]