Marsilio Ficino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byste av Ficino gjord av Andrea Ferrucci i Santa Maria del Fiore i Firenze.

Marsilio Ficino (fødd 19. oktober 1433 i Firenze, død 1. oktober 1499 i Careggi) var ein italiensk forfattar, filosof og humanist. Han vert rekna som den fyrste platonikaren i den italienske renessansen. Giovanni Pico della Mirandola var ein av elevane hans.

Han studerte forfattarar som Cicero og Seneca, og vart oppteken av Platon og Nyplatonisme. For å kunne studere desse på originalspråket, byrja han å studere gresk etter å ha vorte oppmuntra av Cosimo Medici, som gav han ein villa i Careggi utanfor Firenze i gåve. Her samla han snart ein krins av lærde kring seg, som danna eit studiesamfunn etter antikt førebilete under namnet Academia Platonicum.

Ficino si omsetjing av Platon og Plotin sine verker til latin fekk vidfemnande betydning, og resulterte i at platonismen og nyplatonismen fekk ei atterføding i Europeisk åndsliv. Nyplatonismen fortolka han kontinuerleg i sine verker og filosofiske samtalar. Medan han i sin ungdom gjennom nyplatonismen fjerna seg frå delar av kyrkjas lære forsøker han seinare å byggje bru mellom kristen doktrine og dei platonske, eller meir presist nyplatonske ideane, i hovudverket Theologia Platonica de immortalitate animae.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]