Martin Conway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Conway, 1895

William Martin Conway (fødd 12. april 1856 in Rochester; død 19. april 1937 i London) var ein engelsk kunstkritikar, politikar kartograf og fjellklatrar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Conway var professor for kunst ved University of Liverpool frå 1884 til 1887 og professor i kunstvitskap ved University of Cambridge frå 1901 til 1904. I tida 1918 til 1931 representerte han Conservative Party i det engelske parlamentet. Han blei adla og fekk rett til å bere tittelen 1st Baron Conway of Allington i 1895.

Fjellklatring[endre | endre wikiteksten]

Som student klatra Conway mykje i Alpane. I 1881 gav han ut Zermatt Pocketbook og han står bak fleire namn på fjell i Alpane, til dømes Wellenkuppe, Windjoch og Dent du Requin.

I 1892 leia han ein ekspedisjon i Baltoro Muztagh-området rundt K2 og gav namnet Concordia til området der Baltobreen flyt saman med Godwin-Austen-breen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

  • No Man’s Land. A History of Spitsbergen from Its Discovery in 1596 to the Beginning of the Scientific Exploration of the Country. University Press, Cambridge 1906