Edgar Degas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edgar Degas (1834-1917).jpg
Absintdrikkarane, 1876
Dansar med blomebukett, ca 1878 (pastellmåleri)

Hilaire Germain Edgar Degas (opphavleg De Gas) (19. juli 183427. september 1917) var ein fransk kunstmålar, grafikar og skulptør. Han er særleg kjend for sine mange framstillingar av ballettdansarar og scener frå hesteveddeløp. Degas var også ein særs dyktig og ettertrakta portrettmålar, og er ein av dei mest kjende impresjonist-kunstnarane.

Hans nyskapande komposisjonar, påverka av fotografi og japanske grafiske trykk, og hans talent for teikning og framstilling av rørsle gjorde han til ein særmerkt kunstnar på slutten av 1800-talet. Sjølv om Degas vert rekna med mellom impresjonistane, er arbeida hans også prega av klassisismen og realismen. I nokre tilfelle finst også påverknad frå romantikken.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far til Degas var bankmann, og familien var ganske rik. Våren 1855 byrja Degas å studere ved École des Beaux-Arts i Paris. Kring den tid vart han kjend med med Ingres, som han beundra mykje og tok etter. Frå sommaren 1856 budde han i tre år i Italia, der han gjennom kopiering gjorde seg kjend med italienske renessansemålarar som Michelangelo, Rafael og Tizian.

Degas etablerte seg med atelier i Paris i 1859. Han måla då mest portrett og historiske motiv, populære tema hos kunstkjøparane. Han fekk mange kundar og slapp dei økonomiske vanskane som mange av hans samtidige kollegaer opplevde. Verk frå denne tida er Semiramis byggjer Babylon og Unge spartanarar øver seg til strid.

I 1866 slutta Degas å måle historiske motiv. Nokre år tidlegare hadde han møtt Édouard Manet, ein kunstnar som hadde valt å syne samtidig liv framfor dei tradisjonelle motiva frå historie og religion. Degas tok etter, og arbeida hans frå slutten av 1860-talet har i stor grad motiv frå teatret og veddeløpsbanen. Påverkinga frå japansk kunst vert også tydeleg i måleria hans.

Åra 1870-71 deltok han i den fransk-prøyssiske krigen. Det vart då påvist han hadde ein augeskade. Deretter reiste Degas til USA, og budde eit par år i New Orleans i Louisiana. Etter han i 1873 flytta tilbake til Paris, konsentrerte han seg om å måle scener frå det moderne liv; dansarar, akrobatar, songarar mm.

I 1874 deltok Degas på impresjonistane si første utstilling. Han stod impresjonistane nær med sin dragnad mot å fange augneblinken. Sjølv såg han ikkje på seg som impresjonist, i eigne auge var han meir realist og beheldt elles mykje av det han hadde lært av klassisismen. Ved sidan av dei mange bileta frå dansehallane, måla han kvardagslege tema som til dømes L'absinthe (1877). Ein større del av fremste verka hans vart til i tiåret etter han kom heim frå USA.

Augeskaden leia til at han på 1880-talet fekk eit stendig svakare syn. Han byrja difor å konsentrere seg om skulptur og pastell, der han ikkje trong det skarpe blikket som i si målargjerning.

I åra etter 1890 gjekk han over til å jobbe berre med store format. Kringom slutta han heilt med kunstnarisk verksemd. Han vart i desse årene meir og meir eksentrisk og levde eit liv utan offentleg merksemd, og braut med alle venene sine.

Degas vart gravlagd i Cimetière de Montmartre i Paris. Han let etter seg meir enn 200 måleri og pastellar og 150 skulpturar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Edgar Degas