Matias Torheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matias Torheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. januar 1887
Død

29. september 1969 (82 år)

Yrke bonde

Matias Johan Torheim (6. januar 188729. september 1969) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Vik i Kvæfjord. Han var stortingsmann 1931-33 for Bondepartiet.

Torheim gjekk skulevinteren 1904/05 på Lofoten og Vesterålens folkehøgskole og sidan to vintrar (1908–10) på Nordlands amts landbruksskole. Heilt frå ungdomsåra deltok han i sildefisket. Seinare var han notbas og disponent for Voktor og Vik notlag. I 1919 tok han over farsgarden i Vik og dreiv denne jamsides i lang tid.

Frå 1913 til -28 var Torheim medlem i Kvæfjord heradsstyre. Han var då varaordførar 1916-22 og ordførar 1922-28. Valbolken 1931-33 representerte han Troms og Bondepartiet på Stortinget, der han var medlem i Kyrkje- og skulekomiteen. Torheim var ei tid med i landsstyret til Bondepartiet, han var elles formann i Troms Sildefiskerlag, Nord-Norges Meierilag og i Nord-Norges Salgslag.

I august 1942 melde Torheim seg inn i Nasjonal Samling. Etter verdskrigen vart han dømd til fengsel i 12 månader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]