Elefantøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 61°8′S 55°7′W
Elefantøya
øy
none  Kart over Elefantøya
Kart over Elefantøya
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
stad Antarktis
 - koordinatar 61°8′S 55°7′W
Høgaste punkt Pardo Ridge
 - høgd 853 moh
Lengd 47 km
Breidde 27 km
Areal 558 km²
Folketal 0 (2010)
Administrert under Antarktistraktaten
Elefantøya is located in Antarktis
Elefantøya (Antarktis)

Elefantøya eller Elephant Island er ei isdekt fjellendt øy utanfor kysten av Antarktis heilt ytst i Sør-Shetlandsøyane i Sørishavet. Ho vart namngjeven av tidlege sjøfarar som såg elefantsel på breidda av øya. Ho ligg 1253 km vest-sørvest for Sør-Georgia, 935 km sør for Falklandsøyane og 885 km søraust for Kapp Horn. Ho ligg innanfor kravområda til Argentina, Chile og Storbritannia. Brasil har to hytter på øya, Goeldi og Wiltgen, der opp til seks forskarar bur kvar sommar.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over øygruppa

Øya strekkjer seg omtrent frå aust til vest og er 853 meter over havet ved Pardo Ridge. Av stader på øya finn ein Cape Yelcho, Cape Valentine og Cape Lookout heilt nordaust og sør på øya, og landtunga Point Wild på nordkysten. Endurancebreen er den største breen som når sjøen.

Elephant Island frå sjøen. Foto av NOAA.

Øya har ikkje noko nemneverdig planteliv eller naturleg dyreliv, men stundom finn ein bøylepingvinar og sel som vitjar øya, og ringpingvinar hekkar her til tider på året. Sidan det ikkje finst trygge ankringsplassar ved øya har det aldri vore permanente busetjingar her, trass i at øya har ei god plassering for både forsking, fiske og kvalfangst.

Vêret er normalt tåkete med mykje snø og vinden kan nå 150 km/t (40 m/s).

Endurance-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Endurance-ekspedisjonen.
På veg inn mot Elefantøya i 1962
Sjøsetjinga av James Caird.

Øya er mest kjend for den aude tilfluktstaden til Ernest Shackleton og mannskapet hans i 1916. Etter at dei mista skipet sitt «Endurance» i isen i Weddellhavet. 28 utslitte menn klarte å nå Elefantøya etter ei hard tørn på drivande isflak. Dei oppretta ein leir dei kalla Point Wild der dei fekk noko av styrken attende.

Dei forstod at det ikkje var noko redning i sikte på denne øya, så Shackleton valte å segle til Sør-Georgia der han visste det var ein kvalstasjon. Dette er ein av dei mest utrulege bragdene i sjøfartshistoria, då Shackleton i lag med fem mann segla 1300 km i ein open livbåt, «James Caird», og andre påskeadag, 24. april 1916, nådde dei fram til Sør-Georgia etter to veker på sjøen. Hans nestkommanderande, John Robert Francis “Frank” Wild, var att for å leie mennene på Elefantøya, og venta på at Shackleton skulle kome attende med eit bergingsskip.[2] I memoarane sine skreiv Wild «Me gav dei tre hjartelege rop og såg båten deira vart mindre og mindre i horisonten. Eg såg då tårer hos noko av mannskapet så eg sette dei alle i arbeid.»

Det var mykje arbeid for dei stranda mennene. Dei bygde ei hytte av dei to gjenverande livbåtane og stykke av eit telt. Lampar av kvalspekk vart nytta som lyskjelde. Dei jakta på pingvinar og sel, som det var lite av om hausten og vinteren. Fleire av mannskapet vart råka av sjukdom og forfrysingar, og dei var òg i fare for å svelte i hel. Etter fire og ein halv månad såg mennene eit skip den 30. august 1916. Skipet, leia av Shackleton, var den lånte taubåten «Yelcho», frå Punta Arenas i Chile, med Luis Pardo som kaptein. Dei braut gjennom isen og redda alle mennene som hadde vore med på ekspedisjonen.

I følgje Frank Worsley, kapteinen til Shackleton, uttalte mennene namnet på øya med ein 'H' føre og ein stum 't', «Hell-of-an-Island» eller «Ei helvetes øy».[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Brasilian Antarctic Program». Vivabrazil.com. 1984-02-06. http://www.vivabrazil.com/vivabrazil/proantar.htm. Henta 5. november 2012. 
  2. «Endurance: Shackleton's Legendary Antarktis Expedition». Amnh.org. http://www.amnh.org/exhibitions/shackleton/. Henta 5. november 2012. 
  3. Worsley, Frank, Shackleton's Boat Journey, 1933, W.W. Norton & Co., 1998, p. 34?

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Antarktis Sydney: Reader's Digest, 1985.
  • Child, Jack Antarctica and South American Geopolitics: Frozen Lebensraum New York: Praeger Publishers, 1988.
  • Furse, Chris Elephant Island - An Antarktis Expedition Shrewsbury: Anthony Nelson Ltd, 7 St John's Hill, Shrewsbury SY1 1JE, England, ISBN 0-904614-02-6.
  • Mericq, Luis Antarktis: Chile's Claim. Washington: National Defense University, 1987.
  • Pinochet de la Barra, Oscar La Antarktis Chilena Santiago: Editorial Andrés Bello, 1976.
  • Stewart, Andrew Antarktis: An Encyclopedia London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes).
  • Worsley, Frank Shackleton's Boat Journey W.W. Norton & Co., 1933,

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elefantøya