Melchior Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°19′S 62°57′W
Melchior Islands
øy
none
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Øygruppe Antarktiske Arkipel
stad Antarktis
 - koordinatar 64°19′S 62°57′W
Administrert under Antarktistraktaten
Store øyar Eta Island, Omega Island

Melchior Islands er ei gruppe mange låge, isdekte øyar som ligg midt i Dallmann Bay i Antarktiske Arkipel. Ho vart først oppdaga og namngjevne av ein tysk ekspedisjon under Eduard Dallmann, 1873-74. Ho vart observert på ny og grovt kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, 1903-05. Charcot namngav det han trudde var den store austlege øya i gruppa Île Melchior etter viseadmiral Jules Melchior i Den franske marinen, men seinare landmålingar synte at Charcot si Île Melchior var to øyar, no kalla Eta Island og Omega Island. Namnet Melchior Islands har sidan vorte nytta for heile øygruppa med Eta Island og Omega Island som den austlegaste delen, medan Sigma Islands markerer nordgrensa til øyane. gruppa vart grovt kartlagd i 1927 av Discovery InvestigationsRRS «Discovery», og kartlagd på ny av argentinske ekspedisjonar i 1942 og 1943, og igjen i 1948.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]