Mere Sands Wood

Koordinatar: 53°38′08″N 2°50′14″W / 53.635491°N 2.83709°W / 53.635491; -2.83709
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

53°38′08″N 2°50′14″W / 53.635491°N 2.83709°W / 53.635491; -2.83709

Ein innsjø i Mere Sands Wood

Mere Sands Wood er eit 42 hektar stort naturreservat vest i Lancashire i England, forvalta av The Wildlife Trust for Lancashire, Manchester & North Merseyside. Det ligg om lag 8 km frå Ormskirk[1]. Namnet kjem frå då område strekte seg til breidda av Martin Mere[1].

Reservatet består av innsjøar, gammal breiblad- og barskog, sandete, fuktige enger og lyngheier[1]. Desse ligg oppå lag av sand og torv som er avleiringar etter den siste istida[1]. Mellom 1974 og 1982 vart det grave ut sand i område for for glasproduksjon.[1]. Staden vart omgjort til eit naturreservat då utvinninga var over.[1]. Reservatet har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) på grunn av geologien her.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Mere Sands Wood». The Wildlife Trust for Lancashire, Manchester & North Merseyside. Henta 15. september 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]