Ormskirk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ormskirk

Marknadsdag i Ormskirk
Marknadsdag i Ormskirk
Plassering
Ormskirk is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Lancashire
Distrikt West Lancashire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

23 392
Koordinatar 53°34′″N 2°53′″WKoordinatar: 53°34′″N 2°53′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer L39
Telefon-retningsnummer 0 1695
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ormskirk

Ormskirk er ein liten marknadsby i Lancashire i England, omkring 21 km nord for Liverpool og 29 km sør for Preston. Byen er administrasjonssenter for distriktet West Lancashire.

Byen vart grunnlagt av vikingar. Dei skal ha vore leia av ein person ved namn Orme (eller Orm). Mange meiner at han må ha vore kristen og bygde ei kyrkje på staden, Orms kyrkje, som så vart stadnamnet Ormskirk.

Soknekyrkja er bygd over den eldste kyrkja, og er vigd til apostlane Peter og Paulus. Ho er den eldste bygningen i byen. Kyrkja er ei av berre tre i England som har både tårn og spir (engelsk kyrkjearkitektur er her heilt annleis enn norsk), og ho er unik ved at ho har begge delar i same ende av bygningen.

Byen ligg ved A59, og er nordleg endestasjon for Merseyrail.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]