Mesoplodon traversii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mesoplodon traversii

Status i verda: Utilstrekkeleg data [1]


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
overklasse: Synapsida
Klasse: Mammalia
Orden: Cetacea
Familie: Ziphiidae
Slekt: Mesoplodon
Art: M. traversii
Vitskapleg namn
Mesoplodon traversii
(Gray, 1874)


Mesoplodon traversii er ein spissnebbkval først oppdaga i 1872.

Den blir i dag rekna som verdas mest sjeldsynte kvalart. Ein kjenner nesten ingen ting om arten.[2]. Arten har ikkje noko offisielt norsk namn.

Det første funnet av arten var eit kranium i 1872 på New Zealand.

Nok eit kranium vart funne på 1950-talet på White Island òg på New Zealand. Det var først ikkje skildra, men vart seinare rekna med å komme frå ein ginkgo-toothed beaked whale (Mesoplodon ginkgodens)).[3]

I 1986 vart eit øydelagt kadaver funne skylt opp på ei stand på Robinson Crusoe Island utanfor Chile. Kadaveret vart handsama som ein ny art, Mesoplodon bahamondi eller Bahamondespisskval.[4] Sidan dette var ei feilaktig skildring av ein alt eksisterande art er dette namnet ikkje lenger i bruk.

I 2010 stranda det eit mor med unge på New Zealand. I 2012 vart det påvist gjennom DNA-analyse at dei tilhøyrde arten Mesoplodon traversii. Dette var den første virkaplege observasjon av heile dyr. Til no har ein ikkje observert levande dyr.

Økologi og status[endre | endre wikiteksten]

Denne arten har aldri blitt sett i live, slik at ein kjenner ikkje til korleis den lever. Ein rekner med at den er lik andre mellomstore artar i Mesoplodon, som er typist lever på djupt vatn. Den vil i så tilfelle leve aleine eller i små grupper og leve på blekksprut og små fisk. Ungen blir truleg uavhengig av mora ved eittårsalderen som er det vanlege for dei fleste kvalar.

Kor mange som finst av denne er arten er heilt ukjent, men den er truleg ikkje så mangetallig.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Taylor, B.L., Baird, R., Barlow, J., Dawson, S.M., Ford, J., Mead, J.G., Notarbartolo di Sciara, G., Wade, P. & Pitman, R.L. (2008). Mesoplodon traversii. In: IUCN 2008. IUCN Red List of Threatened Species. Downloaded on 24 March 2009. Database entry includes a brief justification of why this species is of data deficient.
  2. Verdens Gang - Det første bildet: Verdens mest sjeldne hval
  3. Baker, Alan N.; van Helden, Anton L. (1999). «New records of beaked whales, Genus Mesoplodon, from New Zealand (Cetacea: Ziphiidae).». 'Journal of the Royal Society of New Zealand 29 (3): 235–244. doi:10.1080/03014223.1999.9517594. 
  4. Reyes, J.C.; van Waerebeek, K; Cárdenas J.C. & Yáñez, J.L. (1995): Mesoplodon bahamondi sp.n. (Cetacea, Ziphiidae), a new living beaked whale from the Juan Fernández Archipelago, Chile. Boletin del Museo Nacional de Historia Natural, Chile 45: 31–44.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Perrin, William F.; Wursig, Bernd; Thewissen, J. G. M., eds (2002). Encyclopedia of Marine Mammals. Academic Press. ISBN 0-12-551340-2. 
  • Reeves, Randall R.; Leatherwood, S. (1994). Dolphins, porpoises and whales: 1994–98 Action plan for the conservation of cetaceans. Gland, Switzerland: IUCN. ISBN 2-8317-0189-9. 
  • «First ever sighting of rare whale confirmed». CBC News. November 6, 2012. 
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mesoplodon traversii