Metylacetylen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metylacetylen

Metylacetylen eller propyn er eit alkyn med formelen C3H4. Strukturformelen er CH3-C≡CH.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Propyn er ikkje så farleg og vanskeleg å handtere som acetylen, men brenn med nesten like høg temperatur. Det blir difor brukt blanda med acetylen som sveisegass når ein treng særleg høg temperatur på sveiseflamma.

Propyn kan også brukast som rakettbrennstoff, på grunn av det høge energiinnhaldet og det relativt høge kokepunktet.

Nokre data om propyn[endre | endre wikiteksten]

  • Utsjånad: Fargelaus gass
  • CAS-nummer:74-99-7
  • Molmasse: 40,064
  • Smeltepunkt: –103
  • Kokepunkt: –23,2
  • Hovudfare: Brannfarleg
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.