Michelle Bachelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Michelle Bachelet

Verónica Michelle Bachelet Jeria (f. 29. september 1951) er ein chilensk sosialistisk politikar som har vore president i Chile sidan 11. mars 2006. Ho er den første kvinna som er blitt vald til denne stillinga. Bachelet er medlem av partiet Partido Socialista de Chile.

Ved presidentvalet i Chile i 2005 fekk ho 46 % av stemmene i fyrste valomgang. Ho vann den andre valgomgangen 15. januar 2006, over forretningsmannen Sebastián Piñera, med 53,5 % av stemmene.

Bachelet måtte rømme Chile etter at faren vart drepen av soldatane til Augusto Pinochet. Ho har studert germanistikk og medisin i Leipzig og Berlin. Ho har tidlegare vore helseminister og forsvarsminister i regjeringa til tidlegare president Ricardo Lagos.

Michelle Bachelet er skild og mor til tre.

[endre] Bakgrunnsstoff

Føregjengar:
 Ricardo Lagos 
President i Chile
(2006– )
Etterfølgjar:
 — 
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.