Midd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midd


Husstøvmidd
Husstøvmidd

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Arachnida
Underklasse: Acari
Ordenar

Midd eller mit (Acari eller Acarina) er ei samlekjenning for ei rekkje små araknidar over heile verda. Gruppa omfattar 35 000 beskrivne artar med stor variasjon i levesett, men talet er sannsynlegvis mange gongar så høgt. Til midden høyrer mellom anna flått.

Oppbygnad[endre | endre wikiteksten]

Midd har todelt kropp og (som regel) åtte bein, og høyrer såleis til edderkoppdyra (Arachnida). Til skilnad frå andre dyr i same gruppe har dei derimot bein både på for- og bakkroppen; skiljet mellom forkropp (proterosoma) og bakkropp (hysterosoma) går mellom det andre og det tredje beinparet. Klosaksane og pedipalpane som er så karakteristiske for edderkoppdyra er skild frå resten av kroppen av eit særleg fleksibelt område av eksoskjelettet. Midd pustar med trakèer eller over kroppsoverflata. Dei er ofte blinde.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Det eksisterer eit særs stort mangfald av levesett hjå midd. Ein kan finna dei i alle slags miljø; det finst både vass- og landlevande artar. Dei utgjer den største luten av leddyr i humusjord og detritus. Mange levar parasittisk, særleg på utsida av dyret, og dei går både på virveldyr og virvellause dyr. Frittlevande variantar er vanlegvis jegerar, nokre vert tilmed brukt til biologisk skadedyrkontroll.

Det finst òg ein del detritus-etarar som hjelper til å bryta ned organisk avfall. Her høyrer m.a. husstøvmidden, som lever av daude hudceller frå menneske, til. Somme midd er òg planteetarar, og kan forårsaka skade på avlingar.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Flått er ein av dei største midd-gruppene me kjenner til. Desse høyrer til familien Ixodidae og kan bli over 2 mm lange.

Forskarane stridest om desse dyra skal plasserast i same gruppe. Mange meiner underklassa eller ordenen Acari er parafyletisk; det vil seie at somme av medlemmane har nærare felles forfar med dyr utanfor gruppa enn med andre midd. Per i dag vert dei rekna som ei underklasse av edderkoppdyra, med tre ordenar: Acariformes, Parasitiformes og Opilioacariformes.