Midt-Tyskland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utbreiingsområdet til dei midttyske dialektane.

Midt-Tyskland (tysk Mitteldeutschland) vert nytta som geografisk omgrep for ulike regionar i Tyskland.

Innan språkvitskapen beskriv uttrykket område der dei midttyske dialektane er utbreidde, avgrensa i nord av den nordtyske Benratherlinja til Mainlinja i sør.

I fyrste halvdel av 1900-talet vart uttrykket òg nytta spesielt om område ved Halle og Leipzig.

Under den kalde krigen var Midt-Tyskland eit vanleg omgrep for Aust-Tyskland i vesttysk språkbruk. Dimed ville ein tydeleggjere at ein hald fast på dei historiske tyske austområda som etter den andre verdskrigen vart de facto annektert av Sovjetunionen eller Polen. Omgrepet vart dimed definert etter ein aust-vest-akse snarare enn ein nord-sør.

Etter at Tyskland vart samla att, vert ofte områda der delstatane Sachsen, Sachsen-Anhalt og Thüringen ligg kalla Midt-Tyskland. Det offentlege kringkastingsselskapet i desse delstatane heiter til dømes Mitteldeutscher Rundfunk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]