Mil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Sjå òg brettspelet mil. For andre tydingar av «mil», sjå Mil (fleirtyding).

Mil er i dag ei lengdeeing som svarer til 10 000 meter, eller 10 km. Mil er ikkje med i SI-systemet, men er avleia av det. Ordet mil har opphav i dei romerske mille passus, tusen skritt, sjå romersk mil og engelsk mile.

Opphavleg hadde ein fleire typar mil i Skandinavia:

  • Ei dansk mil var 12 000 danske alen, eller om lag 7,5 km.
  • Ei svensk mil var 18 000 svenske alen, eller om lag 10,7 km.
  • Ei norsk mil var 18 000 norske alen, eller om lag 11,3 km.
  • Ei sjømil var om lag 7,4 km (4 nautiske mil)

Landmilene vart markerte med milepålar, som òg blei sette opp på kvar fjerdedel av mila.

I Sverige blei ei einheitleg mil innført i 1699. Før dette hadde ho hatt ulik lengd ulike stader i landet. Nå blei ho definert som å utgjera 3600 stenger = 6000 famnar = 18 000 alner = 36 000 fot, som altså svarer til ca 10 688,54 meter.

det metriske systemet blei innført i Noreg i 1875 vart det for gamle avtalar o.a. bestemt at ei gammal mil skulle reknast lik 11 km. Samstundes vart det innført ei ny mil som skulle vere 10 kilometer eller 10 000 meter. Denne «nymila» er enno i bruk i Noreg og i Sverige, men ingen andre stader. Den danske mila, derimot, er gått heilt ut av bruk.

[endre] Ulike typar mil

[endre] Kjelder:

Personlege verktøy