Milij Balakirev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Milij Aleksejevitsj Balakirev

Milij Aleksejevitsj Balakirev (russisk:Милий Алексеевич Балакирев) (2. januar 183729. mai 1910) var ein russisk pianist, dirigent og komponist. Han var ein av «Dei Fem» og er i dag mest kjend for arbeidet med å fremje den russiske nasjonalismen i musikken.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Balakirev var utdanna pianist og følgde først forbildet Frédéric Chopin ved å komponerte briljante salongstykke. Samværet med Mikhail Glinka gjorde at han tok til å søke etter en original nasjonal stil som tok i bruk russiske folkesongar og -dansar. Det førde med seg bruk av dei til no ukjente kyrkjetoneartane og uvanlege harmoniar. Dessutan finn ein lett bruk av orientalske trekk, spesielt melodiar frå Kaukasus. Elles var Franz Liszt eit forbilde, men i mindre grad stilistisk enn når det gjeld formgjeving, det vil at det er mest merkbart i val av musikkformer, utarbeiding av tema og i klaversats. Med utgangspunkt i Glinka utvikla Balakirev ein inst inne russisk musikk som blei forstått som motsatsen til den vestlege (og særskild den italienske) musikken. Som leiarfigur i «den mektige handfull» kunne Balakirev formidle vidare sine ideal til andre komponistar og gjennom dei ein varig påverknad på den russiske musikken. Som lærar hadde han den mangelen at han unngikk tekniske øvingar og musikkteori. Sjølv fekk Balakirev aldri undervisning i komposisjon, men tilegna seg kunnskapen sin ved å lese partitur. Han trudde at tekniske øvingar hindra inspirasjonen og gjorde musikken «vestleg». For elevane kunne mangelen på teknisk dugleik skape til dels uoverstigelege problem.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Milij Balakirev