Franz Liszt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Franz Liszt

Franz Liszt, òg kalla Ferenc Liszt (22. oktober 181131. juli 1886) var ein ungarsk pianovirtuos og komponist.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Liszt vart fødd i Raiding i Austerrike-Ungarn som son av ein ungarsk far, Adam Liszt, og ei austerriksk mor, Marie Anna Lager. Faren spelte fleire instrument og hadde tent hjå prins Nikolaus II av Esterházy. Han hadde også kjend Haydn, Hummel og Beethoven.

Frå svært ung alder viste Liszt eit stort talent, og spelte lett avanserte komposisjoner frå bladet. Dei fyrste leksjonane hans vart gjevne av faren. Franz sin fyrste profesjonelle pianolærar var Johann Nepomuk Hummel, men far hans kunne til slutt ikkje lenger betale for timane. Lokale aristokratar la merke til det unge talentet og gav han eit stipend så han kunne reise til Wien med familien. Dette førte til at Liszt aldri lærte morsmålet ungarsk, noko han angra svært på i seinare brev og dagbøker.

Wien og Paris[endre | endre wikiteksten]

I Wien fekk Liszt undervising i klaverteknikk av Carl Czerny, og av Antonio Salieri lærte han improvisasjon. 13. april 1823 gav han en konsert, og det vert sagt at 53 år gamle Beethoven gav han eit kyss for sitt glimrande spel. Same år forlet han Wien for å reise rundt og bli populær.

I Paris var Liszt på ein konsert med fiolinvirtuosen Paganini. Dette skal ha motivert han til å setje seg som mål å bli si tids største pianist. Han var stort sett åleine på sitt rom, og øvde ofte i over 10 timar dagleg. I denne perioden skreiv han 12 etydar, den mest berømte av dei er La Campanella, ein oktavstudie. Han var mykje saman med store samtidige komponistar som Frederic Chopin, Robert Schumann og Richard Wagner. Han fekk også impulsar frå forfattarar som Victor Hugo og George Sand.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1835 til 1839 budde Franz Liszt saman med Marie Catherine Sophie de Flavigny, betre kjend under pseudonymet Daniel Stern. Dei fekk to døtrer og ein son. Dottera Cosima gifta seg seinare med Richard Wagner.

I 1847 trefte Liszt Prinsesse Carolyne zu Sayn-Wittgenstein, og dei budde saman resten av livet hans.

Dirigent og komponist[endre | endre wikiteksten]

I 1848 slutta Liszt å opptre offentleg på piano og reiste til Weimar i Tyskland, der han budde seg fram til 1861. I denne perioden arbeidde som dirigent på konsertar, og ved spesielle anledningar underviste han òg fleire pianistar, skreiv artiklar om Berlioz og Wagner, og produserte orkester- og koralstykka som hans omdøme som komponist hovudsakleg kviler på. Innsatsen hans på vegne av Wagner, som då var i eksil i Sveits, kuliminerte med den fyrste oppsetninga av Lohengrin i 1850.

Komposisjonane frå Weimar-perioden omfattar to pianokonsertar, i Ess-dur og A-dur, Totentanz, Concerto pathetique for to piano, solosonaten An Robert Schumann, diverse etydar, 15 ungarske rapsodiar, 12 symfoniske dikt, Dante-symfonien, Faust-symfonien, den 13. salme for solotenor, kor og orkester, samt koret til Herders dramatiske scener Prometheus, og Graner Fest Messe.

Liszt drog til Roma i 1861, og vart teken opp i fransiskanarordenen i 1865. Frå 1869 og utover fordelte Liszt si tid mellom Roma og Weimar, der han om sommaren heldt fram med å undervise utan å ta betalt. Frå 1876 til han døydde i Bayreuth i Tyskland i 1886, underviste Liszt i fleire månadar ved det ungarske konservatoriet i Budapest.

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

  • Liebestraum nr. 3 (Kjærleiksdraum) i Ass-dur
  • Mephisto-vals nr. 1
  • Un sospiro (Et sukk), ein av konsertetydane
  • La Campanella (for piano, den tredje frå etydesettet Grandes Etudes de Paganini)
  • 12 transcendentale etydar
  • Symfoniane hans; Dante-symfonien og Faust-symfonien
  • Pianosonate i h-moll
  • 12 symfoniske dikt
  • Pianokonsert nr. 2, i Ess-dur
  • Pianokonsert nr. 2, i A-dur
  • 19 ungarske rapsodiar
  • Nuages gris (Grå skyer)
    Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.