Miljøprogrammet til SN
Miljøprogrammet til SN – United Nations Environmental Programme (UNEP) – koordinerer miljøaktivitetane til Dei sameinte nasjonane, støttar utviklingsland i å innføre miljøvennleg politikk og oppfordrar til berekraftig utvikling gjennom sunne miljøvennlege tiltak. Miljøprogrammet til SN vart etablert som eit resultat av Dei sameinte nasjonane sin konferanse om det menneskelege miljøet i 1973 og hovudkvarteret er i Gigiri i Nairobi i Kenya. Miljøprgrammet har òg seks regionale kontor, og mange land-kontorer.
Miljøprogrammet har ei eiga avdeling i Noreg, UNEP/GRID-Arendal.
Kvart år gjev UNEP ut ei eiga årbok.
Miljørapport GEO [endre]
Saman med Verdas meteorologiorganisasjon etablerte Miljøprogrammet Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) i 1988.
GEO står for global environmental outlook og er ein rapport som kjem ut kvart femte år. Noreg har vore ein viktig finasiell bidragsytar til desse rapportane. GEO4-rapporten vart presentert i Noreg 25. oktober 2007. Rapporten kjem ut kvart femte år og vert rekna som det viktigaste internasjonale oppslagsverket om miljøspørsmål. GEO5 kom ut i 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| SN-systemet | Generalforsamlinga · Tryggingsrådet · Det økonomiske og sosiale rådet · Sekretariatet · Forvaltningsrådet (nedlagt) · Domstolen | |
| Særorganisasjonane | FAO · ICAO · IFAD · ILO · IMF · IMO · ITU · UNESCO · UNIDO · UNWTO · UPU · VBG · WHO · WIPO · WMO | |
| Andre program og byrå | IAEA · UNCTAD · UNDCP · UNDP · UNEP · UNFPA · UNHCR · UNHRC · UN–Habitat · UNICEF · UNRWA · WFP · UNECE · UNECA · UNRRA | |
| Anna | Medlemmer · Observatørar · Generalsekretærar · Fredsbevarande styrkar · SN-dagar | |