Mongolsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mongolsk
(монгол

ᠮᠣᠩᠭᠣᠯ
mongol)

Klassifisering: Altaisk (omstridd)
 Mongolsk
  Austmongolsk
   Kalmykisk-khalkha
    Khalkha-burjatisk
     Mongolsk
Bruk
Tala i: Flag of Mongolia.svg Mongolia
Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina
Flag of Russia.svg Russland
Mongolsktalande i alt: 5 718 000[1]
Skriftsystem: mongolsk skrift, mongolsk kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-1: mn
ISO 639-2: mon
ISO 639-3: mon – mongolsk (generisk)

khkhlalmongolsk
mvfperifermongolsk

Wikipedia på mongolsk

Mongolsk er eit språk i den mongolske språkfamilien som blir tala i Mongolia og i den kinesiske regionen Indre Mongolia. Det har offisiell status begge stader. Med oppimot 6 millionar talarar er mongolsk det mest utbreidde mongolske språket.

Området der mongolsk har offisiell status.

Språktypen som blir tala i Mongolia blir kalla halh eller khalkha og er rekna som det mongolske standardspråket. Det er det einaste offisielle språket i Mongolia. Språket blir skrive med kyrilliske bokstavar tilpassa mongolsk. Andre dialektar innan denne typen er dariganga, khotogoit, sartul, og tsongol. Det finst også talarar i Russland, Kirgisistan og Taiwan.

Typen som blir tala i Indre Mongolia blir kalla perifermongolsk eller søraustmongolsk. Det er stort sett gjensidig forståeleg med khalka, men har noko ulikr ordforråd og fonologi. Det omfattar dialektane chahar, ordos, tumut, shilingol, ulanchab, jo-uda, jostu , jirim og ejine. I Indre Mongolia bruker ein tradisjonell mongolsk skrift til å skriva språket.

Mange språkbrukarar i Kina er einspråkleg mongolske, men mange talarar kan også snakka kinesisk, og nokre behersker uighurisk eller kasakhisk. Etniske kinesarar i Indre Mongolia kan også snakka mongolsk. Mongolsk er undervisingsspråk i skulen og blir brukt i media.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Mongolian - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).