Monterey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monterey
Aerial view - Monterey CA.jpg
Styresmakter
Land
Delstat
Fylke
USA
California
Monterey County
Geografi
Flatevidd
 - By

30,5 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

28246
Tidssone Pacific (UTC-8)
Diverse anna
Postnummer 93923, 93940, 93943, 93950, 93955[2]

Monterey er ein kystby midt i den amerikanske delstaten California. Han ligg ved Montereybukta, 14 mil sør for San Francisco. I 2011 hadde byen eit folketal på litt over 28 000.[1]

Monterey har fleire militærleirar og skular. Byen er også eit turistsenter med attraksjonar som Monterey Bay Aquarium, Cannery Row, Fisherman's Wharf og fleire festivalar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Monterey byrja som ein katolsk misjonsstasjon den gong heile California var den del av Nye Spania. Byen voks opp rundt misjonen San Carlo Borromeo ved Montereybukta, oppretta av fransiskanaren Junipero Serra den 3. mai 1770. Samtidig utropte Don Gaspar de Portola, leiaren for den meksikanske militærekspedisjon Alta California (den noverande amerikanske delstaten California) som spansk eige.

Kinesisk-amerikanske fiskarar i Monterey i 1875.

Misjonsstasjonen var del av Californiamisjonane, kjeda av til slutt 21 spanske misiónes som vart lagde frå San Diego til Sonoma, og var den viktigaste av stasjonane. Mellom 1777 og 1849 var byen hovudstad for California, under Spania, Mexico og USA i den rekkjefølgja.

Sidan 1840 har Monterey vore sete for eit katolsk bispedømme, som opphavleg omfatta «begge California», det vil seie også Baja California som fortsette å vere meksikansk territorium etter at USA annekterte Alta California.

Montery var ei viktig hamn for sardinfiske fram til 1950-talet, då fisket braut saman grunna overfiske.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Monterey er kjend frå fleire romanar av John Steinbeck, som Tortilla Flat (1935) og Cannery Row (1945).

Byen held ein årleg jazzfestival, Monterey Jazz Festival, og ein bluesfestival, Monterey Blues Festival. I 1967 blei det også halde ein vidkjend rockefestival her, Monterey Pop Festival.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Monterey

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Monterey (city), California» (på engelsk). State & County Quickfacts. U.S. Census Bureau,. Arkivert frå originalen den 24. august 2012. http://www.webcitation.org/6AA1Cphy1. Henta 24. august 2012. 
  2. «2010 ZIP Code Tabulation Area (ZCTA) Relationship Files». U.S. Census Bureau. 2010. Arkivert frå originalen den 25. august 2012. http://www.webcitation.org/6ABdwXxbq. Henta 25. august 2012.