Åse Kleveland
Åse Maria Kleveland (fødd 18. mars 1949 i Stockholm) er ein svensk–norsk kulturarbeidar, politikar og tidlegare songar. Ho har sidan 2007 vore styreleiar i Human-Etisk Forbund.
Ho budde i Noreg frå 1957 og medverka i norsk fjernsyn og radio frå 1959. Frå 1990 til 1996 var Kleveland norsk kulturminister i Gro Harlem Brundtland si regjering. Frå 1999 til 2005 var ho direktør for Svenska filminstitutet. Frå 2006 har Kleveland vore direktør for dei norske Rikskonsertane.
Ho debuterte i Hylands Hörna, turnerte verda rundt, eit par år spelte ho teater i Stockholm, deretter gitar i Noreg. «Intet er nytt under solen», framført av Åse Kleveland og skriven av Arne Bendiksen, vann norsk Melodi Grand Prix i 1966 og kom på 3. plass i den internasjonale finalen same året. Ho var programleiar for Eurovision Song Contest 1986 i Bergen, etter at Bobbysocks hadde vunne for Noreg året før.
Åse Kleveland var medlem i visegruppa Ballade!. Som songar er ho kjent for sin mørke og sjelfulle stemme. Ho både syng og spelar gitar og har komponert songar i visetradisjonen.
10. juni 2007 vart ho samrøystes vald til styreleiar for Human-Etisk Forbund.
Private tilhøve [endre]
Kleveland er gift med Oddvar Bull Tuhus. Ho har tidlegare vore gift med den 22 år eldre svenske biletkunstnaren Svenolov Ehrén frå 1972 til 1982.
Ho er dotter til norske Olaf Kleveland frå Evje og svenske Eva Maria. Far hennar, Olaf Kleveland kom til Sverige i 1943 som flyktning og budde der saman med kone og barn heilt til dei i 1956 flytta til Noreg og etter kvart til Romerike. Han fekk arbeid på Institutt for atomenergi på Kjeller [1].
Åse Kleveland som deltakar i Melodi Grand Prix [endre]
| År | Tittel | Plassering i den norske finalen | Plassering i den internasjonale finalen | |
|---|---|---|---|---|
| 1966 | Gi meg fri | Nr. 2 | ||
| 1966 | Intet er nytt under solen | Nr. 1 | Nr. 3 |
Bakgrunnsstoff [endre]
- Biografi på Stortinget.no
- Svenska filminstitutet
- Rikskonsertene
- Det suser i serken (portrett) (Dagbladet, 2005)
| Føregjengar Lill Lindfors |
Programleiar for Eurovision Song Contest 1986 |
Etterfylgjar Viktor Lazlo |
| Norske kulturministrar | |
|---|---|
| Lars Roar Langslet (1981–86) · Hallvard Bakke (1986–89) · Eleonore Bjartveit (1989–90) · Åse Kleveland (1990–96) · Turid Birkeland (1996–97) · Anne Enger Lahnstein (1997–99) · Åslaug Haga (1999–2000) · Ellen Horn (2000–01) · Valgerd Svarstad Haugland (2001–05) · Trond Giske (2005–09) · Anniken Huitfeldt (2009–2012) · Hadia Tajik (2012-) |
|
|
|
|---|---|
| Lohengrin Filipello (1956) · Anaïd Iplicjian (1957) · Hannie Lips (1958) · Jacqueline Joubert (1959) · Katie Boyle (1960) · Jacqueline Joubert (1961) · Mireille Delannoy (1962) · Katie Boyle (1963) · Lotte Wæver (1964) · Renata Mauro (1965) · Josiane Shen (1966) · Erika Vaal (1967) · Katie Boyle (1968) · Laurita Valenzuela (1969) · Willy Dobbe (1970) · Bernadette Ní Ghallchóir (1971) · Moira Shearer (1972) · Helga Guitton (1973) · Katie Boyle (1974) · Karin Falck (1975) · Corry Brokken (1976) · Angela Rippon (1977) · Denise Fabre (1978) · Léon Zitrone (1978) · Yardena Arazi (1979) · Daniel Pe'er (1979) · Marlous Fluitsma (1980) · Doireann Ní Bhriain (1981) · Jan Leeming (1982) · Marlene Charell (1983) · Désirée Nosbusch (1984) · Lill Lindfors (1985) · Åse Kleveland (1986) · Viktor Lazlo (1987) · Michelle Rocca (1988) · Pat Kenny (1988) · Lolita Morena (1989) · Jacques Deschenaux (1989) · Helga Vlahović (1990) · Oliver Mlakar (1990) · Gigliola Cinquetti (1991) · Toto Cutugno (1991) · Lydia Cappolicchio (1992) · Harald Treutiger (1992) · Fionnuala Sweeney (1993) · Cynthia Ní Mhurchú (1994) · Gerry Ryan (1994) · Mary Kennedy (1995) · Ingvild Bryn (1996) · Morten Harket (1996) · Carrie Crowley (1997) · Ronan Keating (1997) · Ulrika Jonsson (1998) · Terry Wogan (1998) · Dafna Dekel (1999) · Sigal Shahamon (1999) · Yigal Ravid (1999) · Kattis Ahlström (2000) · Anders Lundin (2000) · Natasja Crone Back (2001) · Søren Pilmark (2001) · Annely Peebo (2002) · Marko Matvere (2002) · Marie N (2003) · Renārs Kaupers (2003) · Meltem Cumbul (2004) · Korhan Abay (2004) · Maria Efrosnina (2005) · Pavlo Shylko (2005) · María Menoúnou (2006) · Sákis Rouvás (2006) · Jaana Pelkonen (2007) · Mikko Leppilampi (2007) · Krisse Salminen (2007, green room) · Jovana Janković (2008) · Željko Joksimović (2008) · Natalia Vodianova (2009, SF) · Andrey Malahov (2009, SF) · Alsou (2009, F) · Ivan Urgant (2009, F) · Haddy N'jie (2010) · Nadia Hasnaoui (2010) · Erik Solbakken (2010) · Anke Engelke (2011) · Judith Rakers (2011) · Stefan Raab (2011) · Leyla Əliyeva (2012) · Eldar Qasımov (2012) · Nərgiz Birk-Petersen (2012) · Petra Mede (2013) · Eric Saade (2013, F, green room) |