Mount Aspiring/Tititea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mount Aspiring/Tititea
Mount Aspiring/Tititea -
Høgd over havet 3033 m
Ligg i/på New Zealand New Zealand
Koordinatar 44°23′S 168°43′EKoordinatar: 44°23′S 168°43′E
Fjelltype Ultratopp
Førsteklatring 23. november 1909. Bernard Head, Jack Clarke og Alec Graham

Mount Aspiring/Tititea[1] er det høgaste fjellet på New Zealand, utanom regionen der Aoraki/Mount Cook ligg.

Fjellet ligg i Otago, i nasjonalparken Mount Aspiring National Park, og høgda er 3 033 m.o.h.. Māoriane kallar fjellet Tititea, som kan omsetjast med glinsande tind. Det fekk namnet sitt i desember 1857 av sjefslandmålaren i Otago Province, John Turnbull Thomson[2]. Det vert også ofte kalla «Matterhornden sørlege halvkula», på grunn av den pyramideforma spissen når ein ser fjellet frå Dart River. Dei første som nådde toppen var major Bernard Head og kjentmennene Jack Clarke og Alec Graham den 13. november 1909[3]. Følgjet til Head klatra til toppen på vestsida frå isbreen Bonar Glacier, ei rute som ikkje vart klatra på nytt før 1965 [4].

Mount Aspiring/Tititea ligg litt vest for «det store skiljet» (Søralpane), 30 kilometer vest for innsjøen Lake Wanaka[2]. Det ligg ved knutepunktet til tre store bresystem — Bonar Glacier, som tømmer seg i Waipara River, og Volta og Therma Glacier, som båe tømmer seg i Waitoto River. Waipara er tilførsleelv til Arawhata River, og både Arawhata og Waitoto renn ut i Tasmanhavet på vestkysten, mellom Haast og Jackson Bay.

Den mest brukte ruta opp på Mount Aspiring er opp gjennom West Matukituki Valley, som ligg ved enden av ein 50 kilometer lang veg frå Wanaka ved Raspberry Flat. Frå her gir eit nettverk med hytter utgangspunkt forklatrarar. Den første er Mount Aspiring Hut, som ligg åtte kilometer (eller om lag to timars gange) frå enden av vegen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [http://www.linz.govt.nz/placenames/find-names/topographic-names-db/database/index.aspx?p=125829 Place Name Detail Mount Aspiring/Tititea]. Land Information New Zealand. Vitja 4. august 2013.
  2. 2,0 2,1 Wises New Zealand Index, 7th Edition, 1979. s. 15.
  3. 100 years since Mt Aspiring triumph. The New Zealand Herald (23. november 2009). Vitja 4. august 2013.
  4. Logan, H. (1990) 'Great peaks of New Zealand', New Zealand Alpine Club, Wellington, and John McIndoe Limited, Dunedin, New Zealand, ISBN 0-86868-125-3.