Mount Faith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 69°37′S 64°29′W
Mount Faith
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Palmer Land
 - koordinatar 69°37′S 64°29′W
Administrert under Antarktistraktaten
Mount Faith is located in Antarktis
Mount Faith (Antarktis)

Mount Faith er eit massivt fjell 9 nautiske mil nord for Mount Hope, med ei høgd opp mot 2,650 moh frå nordenden av Eternity Range nord i Palmer Land i Antarktis. Det vart oppdaga frå lufta og vart namngjeven av Lincoln Ellsworth i løpet av flyturen hans 21. og 23. november 1935, og vart kartlagd av John Riddoch Rymill frå British Graham Land Expedition i november 1936. Fjellet vart så fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i september 1940, og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i desember 1947. Fjellet er eit av tre store fjell i Eternity Range som Ellsworth gav namn etter Tru, håp og kjærleik (engelsk Faith, Hope and Charity).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Faith, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).