Muhammad Ali av Egypt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muhammad Ali

Muhammad 'Alī Pasha al-Mas'ud ibn Agha (arabisk: محمد علي باشا) (albansk: Mehmet Ali Pasha) (tyrkisk Mehmet Ali Paşa) blei fødd om lag 1769 i Kavála i Makedonia, som då høyrde til Det osmanske riket, og han døydde den 2. august 1849. Han hadde tittelen wali av Egypt og Sudan, og tok sjølv i bruk tittelen khediv. Han grunnla eit dynasti som herska over Egypt og Sudan fram til midten av 1900-talet, og blir rekna som grunnleggjaren av det moderne Egypt.

Han tok makta i 1805 under kaoset som følgja etterpå Napoleon sitt felttog i Egypt. Han gjennomførte store økonomiske og administrative reformer i Egypt, forsøkte å industrialisere landet, og førte krig i Sudan, Syria, Hijaz og også mot sin eigen overherre, den osmanske sultanen.

Han døydde i 1849 etter at mesteparten av industrien hadde gått under, og etter å ha gått på militære nederlag som gjorde at Egypt stadig blei meir underordna europeiske makter.

Sjå Egypt under khedivane for utfyllande informasjon.