Muzio Clementi
| Muzio Clementi | |
Muzio Clementi |
|
| Fødd | 24. januar 1752, Roma |
| Død | 10. mars 1832 (80 år), Evesham i Worcestershire i England |
| Instrument | Piano |
| Periode | Klassisismen |
| Sjanger | Klavermusikk |
| Yrke | Komponist |
Muzio Clementi (24. januar 1752–10. mars 1832) var ein italiensk komponist under klassisismen, og hevdvunnen som den første til å skrive spesielt tilpassa piano.
Clement vart fødd i Roma, og er best kjend for samlingane av pianostudiar, Gradus ad Parnassum, som Claude Debussy sin komposisjon Doctor Gradus ad Parnassum (første sats i suiten Children's Corner) er ein morosam referanse til.
Wolfgang Amadeus Mozart la ikkje skjul på at han mislikte Clementi sterkt, noko som har fått nokon til å kalle dei «erkerivalar». Dette gir neppe eit korrekt bilete; Clementi sjølv skal ikkje ha gjengjeldt Mozarts mishagsytringar.
Pianistein Vladimir Horowitz var svært glad i Clementis musikk, og samanlikna den med Ludwig van Beethoven sine beste verk. Gjenreisinga av Clementisry som ein viktig komponist har Horowitz mykje ære av.
Muzio Clementi døydde i Evesham i England, 80 år gammal.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Muzio Clementi» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2008.
Bakgrunnsstoff [endre]
- www.MuzioClementi.com (engelsk)
- Muzio Clementi Society
- www.wolfmusic-publications.com/index.html
- Muzio Clementi-biografi av Tel Asiado på mozartforum.com
- Fritt tilgjengelege notar av Muzio Clementi i International Music Score Library Project
- Gratis notar by Muzio Clementi på Werner Icking Music Archive (WIMA)