NRK2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til NRK2.
Studio 7 på Marienlyst, som NRK2 sender timesnyhende frå.
Studio 7.

NRK2 er ein norsk fjernsynskanal som starta sendingane sine i 1996. I samband med opprettinga av NRK3 vart NRK2 frå 3. september 2007 omdanna til ein fakta- og aktualitetskanal, med vekt på nyhende, dokumentarar og anna faktastoff og kulturstoff.

NRK2 vert distribuert i det analoge bakkenettet, over satellitt og kabel-TV. På grunn av den låge dekningsgraden (rundt 50%) i det analoge bakkenettet har NRK2 vore omdiskutert og teke opp i Stortinget ei rekkje gonger. Utbygginga av det digitale bakkenettet til NTV vil gje alle husstandar i dekningsområdet tilgang til heile fjernsynstilbodet til NRK.

1996-2007[endre | endre wikiteksten]

NRK2 skulle opphavleg verke både som ein avlastingskanal for NRK1 og som ein ungdomskanal. På kveldstid har det vorte sendt mykje filmar og seriar i tillegg til program som er sende på NRK1. På dagtid har sendeprogrammet som regel inneheldt interaktiv underhaldning som til dømes chatting. I 2003 byrja programmet Svisj, som har vorte sendt utanom det vanlege programmet om natta og på dagtid. Det inneheld i hovudsak chatting og musikkvideoar som sjåarane kan stemme på ved hjelp av tekstmeldingar. Nokre gonger er det i staden for musikkvideoar andre typar opptak som kan veljast, til dømes sport- eller Autofil-innslag.

Lokale sendingar[endre | endre wikiteksten]

I enkelte delar av landet vert det sendt lokalfjernsyn over NRK2 sine bakkesendarar på tider NRK sjølv ikkje nyttar sendarane.[1] Denne innrømminga oppstod etter at TV Oslo mista konsesjonen på lokale fjernsynssendingar i Oslo på kostnad av ein kommersiell aktør. TV Oslo var på den tida eit nettverk av religiøse fjernsynsaktørar, mellom andre Evangeliesenteret TV, Acem TV, Familiekanalen, ein islamsk kanal og lokalfjernsyn frå avisa Aker Avis/Groruddalen. Ein ville då gje desse ei moglegheit til å halde fram sendingane sine utan å innrømme dei einerett på lokale sendingar i området.

Truleg av denne grunnen er Svisj, eit SMS-basert musikkshow, oppsett med sendeslutt klokka 06.00 – programmet held fram der det ikkje vert sendt lokalfjernsyn, samt over satellitt. Det er usikkert om ordninga vil verte vidareført etter utløpet av 2007.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]