NRK Sápmi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

NRK Sápmi (tidlegare: NRK Sámi Radio) er ei avdeling i NRK som sender radio- og fjernsynsprogram for samisktalenda. Radiosendingane starta i 1946 i Tromsø, med Katrine Johnsen som programleiar. I 1976 vart NRK Sámi Radio flytta til Karasjok, og i 1984 flytta radioen inn i sine noverande lokalar.

Frå 1991 har kanalen sendt vekentlege fjernsynsprogram for born, og frå hausten 2001 har kanalen produsert fjernsynssendinga Ođđasat saman med SVT og YLE og NRK, med sendestad frå NRK Sámi Radio. NRK Sámi Radio produserer også radio- og TV-program for NRK sine lokal- og rikssendingar.

NRK Sámi Radio har lokalkontor i Tana, Kautokeino, Manndalen i Kåfjord, Tromsø, Skånland, Tysfjord, Snåsa og Oslo. Desse kontora har omkring 17 årsverk. Hovudkontoret har rundt 60 årsverk.

Historiske årstal[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: NRK startar faste samiske radiosendingar 8. november); 20 min. ein gong i veka.
  • 1947: YLE startar faste samiske radiosendingar (20. november); 15 min. ein gong i veka.
  • 1965: SR startar faste samiske radiosendingar (19. februar);5 min. kvar dag.
  • 1973: NRK etablerer sørsamiske sendingar frå NRK Trøndelag.
  • 1975: NRK i samarbeid med SR byrjar å sende lulesamiske program frå NRK Nordland.
  • 1976: Produksjonen av samiske radiosendingar vert flytta frå Tromsø til Karasjok.
  • 1984: Sámi Radio får sitt eige kringkastingshus i Karasjok.
  • 1990: NRK etablerer eit regelmessig samisk fjernsynstilbod.
  • 1991: NRK startar med faste samiske barneprogram i fjernsyn.
  • 1992: Sámi Radio vert omorganisert frå distrikskontor til eigen divisjon i NRK.
  • 1993: Sámi Radio tek over ansvaret for sørsamisk og etablerer faste sørsamiske sendingar på riksnettet.
  • 1999: Sámi Radio startar prøvesendingar på det digitale sendenettet, DAB. Sendenettet mest utbygd i sør, men det er sett opp DAB-sendarar i Kautokeino og Karasjok.
  • 1999: Sameradioane etablerer ein felles nettavis.
  • 2000: Det vert etablert fellessamiske nyheitssendingar i radio.
  • 2001: NRK og SvT etablerer daglege samiske nyheitssendingar på fjernsyn. YLE blir med i samarbeidet i januar 2002.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]