NRK Alltid Nyheter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
NRK Alltid Nyheter sitt studio på Marienlyst i Oslo. SV-leiar Kristin Halvorsen svarer på spørsmål under valkampen i 2007

NRK Alltid Nyheter er ein nyhendekanal på radio produsert av og sendt frå NRK. Kanalen starta sendingane 14. april 1997, og var ein del av det programtilbodet som skulle lokke lyarane over på den nye digitale radiostandarden DAB (Eureka 147). På FM er Alltid Nyheter tilgjengeleg i 17 av dei store byane i landet. I tillegg til DAB og FM kanalen takast inn på internett. Når NRK ikkje produserer eige innhald, sender kanalen BBC World Service.

Frå byrjinga var Alltid Nyheter organisert som ein sjølvstendig kanal direkte under Radiodirektøren, og seinare under NRK radio sin utviklingsorganisasjon NRK Futurum. I 2002 flytta redaksjonen for Alltid Nyheter til fjernsynshuset på Marienlyst i Oslo, organisert og plassert saman med redaksjonane for Dagsnytt, Dagsrevyen og nrk.no/tekst-TV.

Historie[endre | endre wikiteksten]

NRK Alltid Nyheter gjekk på lufta 14. april 1997. Frå venstre: radiodirektør Tor Fuglevik, journalist Tom Nilssen og prosjektleiar Frode Rekve.
Foto: Ken Opprann/Aftenposten/Scanpix

Radiodirektør i NRK, Tor Fuglevik, fekk idéen til Alltid Nyheter på eit møte i den europeiske almenkringkasting-organisasjonen European Broadcasting Union (EBU) i oktober 1994.

Der heldt John Highfield frå den australske almenkringkastaren Australian Broadcasting Corporation (ABC) eit føredrag om den nystarta News Radio. Denne radiokanalen henta nyhendestoffet ut frå den store, sentrale nyhendeorganisasjonen etter det såkalla synergiprinsippet, som inneber digital overføring av lydinnslag og meldingar gjennom "digitale sugerøyr". News Radio var digital i all produksjon og avvikling, men vart kringkasta utelukkande analogt frå FM- og AM-sendarar.

Opninga av NRK Alltid Nyheter i Oslo 14. april 1997. Frå venstre Tor Fuglevik (radiodirektør i NRK), Frode Rekve (prosjektleiar), Ian Wolfe (australsk "gudfar" til den nye norske kanalen, og sjef for ABC News Radio i Sydney) og Kjetil Svorkmo Bergmann (redaksjonssjef i NRK Alltid Nyheter).

Fuglevik drog til Sydney i mai 1995 for å lære meir om News Radio. Fram til sendestart i 1997 var redaktør Ian Wolfe i News Radio særs aktiv i å hjelpe NRK med å etablere ein systerkanal i Noreg. Det var etter råd frå Ian Wolfe at kanalen ikkje vart lagt inn i den sentrale nyhendesorganisasjonen, av di nyhendeorganisasjonar «kan produsere nyhende, men ikkje kanalar».

Eit anna førebilete for Alltid Nyheter var kanalen France Info, drive av den franske allmennkringkastaren Radio France. Frode Rekve var prosjektleiar for utviklingsarbeidet, og Kjetil Svorkmo Bergmann overtok som redaksjonsleiar kort tid etter at sendingane formelt vart opna av kringkastingssjef Einar Førde 14. april 1997.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

NRK Alltid Nyheter sitt første studio i tverrfløya i 3. etasje av Radiohuset, det opphavlege Kringkastingshuset på Marienlyst i Oslo. Biletet er tatt om lag ei veke før kanalen starta 14.april 1997.

Sendingane vart frå starten sett saman slik at dei skulle gje full oppdatering av utanriks-, økonomi- og distriktsnyhende kvart 15. minutt. Forma skulle vere uformell og direkte.

Eit eige redaksjonslokale og studio vart bygd i Radiohuset på Marienlyst. Kanalen skulle klare seg med eit minimalt mannskap på berre 16 journalistar i turnus. Oppskrifta var å bruke særs effektiv, digital produksjonsteknikk til å hente ut digitale lydklipp og nyhendemeldingar frå den sentrale nyhetsdivisjonen i NRK, men også frå BBC World Service og Sveriges radio gjennom eigne avtaler.

For å skape god flyt i ei sending der avviklarar og programleiarar heile tida går inn og ut av studio, vart studio bygd med ei akustisk sluse i staden for dør, slik at ein lett kunne gå ut og inn utan å lage støy.

Sending[endre | endre wikiteksten]

Ein viktig del av oppdraget til Alltid Nyheter var å gje DAB-lyarane eksklusivt innhald, slik at forbrukarane skulle få betre grunn til å kjøpe DAB-mottakarar. DAB-dekninga var så avgrensa, og så få hadde DAB-mottakarar at kanalen frå starten vart distribuert parallelt på DAB og FM i dei største byane i Noreg. Tanken var at mange skulle bli faste lyarar først gjennom FM-mottak, for seinare å måtte kjøpe DAB-mottakar etter sløkking av FM-sendarane.

Styret i NRK tok 13. desember 2004 avgjerd om at Alltid Nyheter utelukkande skulle sendast DAB-nettet[1], men fråveret av DAB-mottakarar og skepsis i Kulturdepartementet[2] førte til at FM-stenginga vart utsett, i første omgang til 2007. 7. juni 2007 vedtok kulturminister Trond Giske på eit internt møte i NRK at FM-stenginga skulle utsetjast vidare, utan kjent sløkkedato.[3].

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Radiodirektør Tor Fuglevik presenterer kanalen Alltid Nyheter ei veke før opning, i byrjinga av april 1997. Mot slutten ser vi og ein heil nyhendebulletin lest frå studio.

NRK Alltid Nyheter var fram til 2002 ein eigen, sjølvstendig kanal i NRK-systemet med 16 fast tilsette medarbeidarar. Denne organiseringa skapte motstand i NRK sin Nyhendedivisjon, som så på den nye kanalen som ein konkurrent.

Frå 2002 vart kanalen innlemma i nyhendedivisjonen.

Alltid Nyheter i dag[endre | endre wikiteksten]

Innhaldet i Alltid Nyheter er utelukkande verbalt. I tillegg til sjølvstendig nyhendejournalistikk hentar kanalen nyhende og aktualitetar frå NRK sin mangfaldige nyhendeproduksjon i hovudkanalane P1, P2 og P3. Også lyden frå Dagsrevyen og andre nyhendesendingar frå NRK sine tv-kanalar vert sende i Alltid Nyheter, som óg sender nyhende frå Sveriges Radio og BBC World Service etter eigne avtaler.

Kanalen sine nettsider[4] skriv at om lag to prosent av nordmenn, eller mellom 80 000 og 90 000 personar, kvar dag høyrer på NRK Alltid Nyheter.

Alltid Nyheter vert send over DAB, og over FM-sendarar i 17 større byer i Noreg. Kanalen vert og send over digital satellitt (DVB-S, Thor III) og som nettradio via internett.

FM-frekvensar[endre | endre wikiteksten]

  • Oslo-området 93,0
  • Kristiansand 94,0
  • Stavanger 93,0
  • Bergen 93,8
  • Trondheim 94,9
  • Bodø 94,8
  • Tromsø 89,8
  • Tønsberg 97,0
  • Porsgrunn 95,8
  • Haugesund 95,6
  • Hamar/Gjøvik 88,4
  • Sarpsborg/Fredrikstad 90,7
  • Alta 90,8
  • Vadsø 90,7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]