Naas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Naas
Domkyrkja i Carlow
Domkyrkja i Carlow
Motto
«Prudens ut Serpens»
(Vis som slangen)
Plassering
Naas is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Leinster
County Kildare
Grunnlagd 600-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
 - Storbyområde

20 044
21 715
Koordinatar 53°12′57″N 6°40′1″WKoordinatar: 53°12′57″N 6°40′1″W
Høgd over havet 114 m
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.naas.ie


Naas (irsk Nás na Ríogh, tyder «kongane sin møtestad») er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Kildare. Byen ligg 32 km frå Dublin og mange av innbyggjarane pendlar kvar dag til Dublin frå Naas. Motorvegen M7, som går forbi Naas, er ein av dei travlaste vegane i landet. Byen har like over 20 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det irske namnet for Naas, Nás na Ríogh, tyder «kongane sin møtestad». Byen var i før-normannisk tid ein møtestad for dei irske kongane og etter den normanniske invasjonen vart engelske parlamentmøte halde i byen.

Eit av dei første slaga under opprøret i 1798 fann stad i Naas den 24. mai 1798 då ein styrke på om lag tusen opprørarar var slått i eit forsøk på å erobra byen. Leiaren til United Irishmen, Theobald Wolfe Tone, er gravlagd like utanfor Naas ved Bodenstown.

Under den andre verdskrigen låg det ein krigsfangeleir her. Sidan Irland offisielt var nøytarale under krigen vart militærpersonell frå alle land som kom til Irland internert. Som følgje av dette hadde krigsfangeleiren i Naas amerikanske, britiske og tyske soldatar samla i saman i same leir.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]