Nanyang i Henan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnehall i Nanyang
Plasseringa av Nanyang-prefekturet i Henan

Nanyang (kinesisk: 南阳; pinyin: Nányáng) er eit byprefektur i den sørlege delen av provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 26 591 km² og hadde i underkant av 10,3 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Nanyang omfattar to bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og ti fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Byprefekturet ligg ved elva Baihe, i eit viktig jordbruksområde med allsidig produksjon. Byen har også mykje industri.

I den 200 meter høge åsen Dushan nord for byområdet Nanyang vert det enno utvunne jade. Dushan-jaden, som no er svært sjeldan, vert rekna for å vere ein av dei fire ypparste kinesiske jadesortane.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 312 fører gjennom området. Han går frå Shanghai og passerer mellom andre Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan i Gansu og Urumqi, før han endar på grensa mot Kasakhstan.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Nanyang er ei av voggene til Han-dynastiet, og har ei rekke minne frå denne epoken i Kinas historie.

Det norsk-lutherske Kinamissionsforbund ved misjonær Olav Espegren oppretta i 1904 ein misjonsstasjon i byen. Framleis (2007) finst kristne som har si tru som fylgje av dette misjonsarbeidet. Også andre lutherske misjonsstasjonar vart oppretta ei rekke andre stader i det som i dag er Nanyang-prefekturet, til dømes i Zhenping og i Dengzhou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]