Naressundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Naressundet

Naressundet (dansk Nares Strædet, engelsk Nares Strait) er eit sund mellom Grønland og Ellesmereøya i den nordlegaste delen av Nunavut i Canada. Sundet knyter Baffinbukta med Lincolnsjøen i Nordishavet. Frå sør til nord består sundet/passasjen av Smithsundet, Kane Basin, Kennedykanalen, Hall Basin og Robesonkanalen.

Danmark og Canada vart i 1964 samde om å kalle sundet opp etter den britiske sjøfararen og polarforskaren George Nares. Nares hadde gjennom ein ekspedisjon i 1875 og 1876 motbevist 'Teorien om det isfrie Nordpolarhavet'.

Einast i august er det mogleg for dertil eigna skip å sigle i sundet. Før 1948 vart det berre fem fartøy som hadde lukkast sigle gjennom sundet.

Den forblåste øya Hans Ø ligg i sundet. Både Canada og Danmark gjer krav på øya, som kan verte viktig om det vert opna ein sjøveg nord om Canada til Stillehavet. Ein held det for rimeleg at det finst naturrikdomar i form av olje, gass og mineralar i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]