Nasjonale minoritetar i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonale minoritetar i Noreg er visse etniske minoritetar i Noreg med historisk tilknyting til landet.[1] Omgrepet omfattar jødar, kvenar/norskfinnar, romar, romanifolk/taterar og skogfinnar.[2]

Denne avgrensinga til fem nasjonale minoritetar vart gjennomført av Regjeringa Stoltenberg I i Stortingsmelding nr. 15 (2000-2001) Nasjonale minoritetar i Noreg - Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar. Stortingsmeldinga var ei oppfølging av at Noreg hadde ratifisert Europarådets konvensjon om vern av nasjonale minoritetar i 1998.[3]

Samane tilfredsstiller kriteria for å reknast som ein nasjonal minoritet, men valde å ikkje bli inkludert i ei erklæring om norske nasjonale minoritetar.[4][5] Samane blir derfor rekna som eit urfolk i Noreg, og ikkje som ein nasjonal minoritet. Nokre organisasjonar frå romanifolket (taterar/dei reisande) ønskte heller ikkje å bli «erklærte» som nasjonal minoritet.[6] I slike tilfelle gjeld inndelinga «de grupper eller enkeltpersoner som ønsker å påberope seg dens bestemmelser.»[7] Tilsvarande gjeld definisjonen ikkje for einskildpersonar som avgjer at dei sjølv ikkje ønskjer å bli behandla som tilhøyrande ein nasjonal minoritet.[8][9]

Minoritetane si historie i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om alle dei fem gruppene har vore lenge i Noreg, representerer dei òg ulike internasjonale fellesskap. Før gruppene kom til Noreg, hadde dei tilhald i andre område i verda, og dei har såleis historiske røter også utanfor Noreg.

Det store fleirtalet av desse minoritetane har vore norske statsborgarar, både før og etter den første statsborgarskapslova av 1888. Før denne lova kom, vart alle med fast tilhald i riket i over tre år rekna som norske statsborgarar.

Eit spesielt trekk ved kvenene og skogfinnane var at desse to gruppene i tillegg var grenseminoritetar, med dei utanriks- og tryggingspolitiske implikasjonane som låg i dette.

På 1600- og 1700-talet gjorde den økonomiske tenkinga sitt til at i alle fall nokre minoritetar var velkomne. Kvenene vart på 1700-talet rekna som viktige i nordområda, for dei representerte ein jordbrukskultur som kunne medverka til å styrkja økonomien og samtidig sikra norsk territorium.

Den målmedvite fornorskingspolitikken mot samar og kvener kom i tida frå og med innføringa av parlamentarismen og fram mot avslutninga av unionen med Sverige. Trusselbiletet i utanrikspolitikken (otta for først Russland, i mellomkrigstida Finland og under den kalde krigen Sovjetunionen9 skapte også legitimering for ein fornorskingspolitikk ovafor kvensk, jf. Eriksen og Niemi.

Ovafor kvenene og skogfinnane var midlane som vart tekne i bruk først og fremst av kulturpolitisk art. Fornorskingsarbeidet i skulen var heile tida kjerneaktiviteten. [treng referanse] Jordsalslova og jordsalsreglementet av 1902 for Finnmark innebar at sal av jord berre måtte skje til norske statsborgarar som kunne tala, lesa og skriva det norske språket, og som brukte dette til dagleg. [treng referanse]

Ny minoritetspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Etter Noreg si ratifisering av Europarådets konvensjon om vern av nasjonale minoritetar i 1999 er desse minoritetsgruppene gitt eit særleg kulturelt vern, og får tilskot til kulturvernsarbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Utenriksdepartementet (18. juni 1998), «St.prp. nr. 80 (1997-98)», 032005-030034 (på norsk bokmål), henta 22. april 2024 
  2. regjeringen.no Grunnlaget for politikken overfor nasjonale minoriteter. Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  3. Regjeringen.no St.prp. nr. 80 (1997-98) ... «fra Utenriksdepartementet av 18. juni 1998, godkjent i statsråd samme dag».
  4. Regjeringen.no St.prp. nr. 80 (1997-98) ... «3.6.8 Konklusjon. Både samer, kvener, skogfinner, romanifolket (tatere/de reisende), rom og jøder anses å oppfylle kriteriene for «nasjonale minoriteter» og omfattes således av konvensjonens virkeområde.»
  5. Regjeringen.no St.prp. nr. 80 (1997-98) . «3.7 Om avgivelse av erklæring om den norske forståelsen av begrepet. ... Det norske Sametinget har under ratifikasjonsforberedelsene klart gitt uttrykk for at samene ikke ønsker å bli inkludert i en eventuell erklæring fra Norge om nasjonale minoriteter. De ønsker heller å ivareta sin status som urfolk og verne om den styrkede rettsstilling som er oppnådd for urfolk gjennom ILO-konvensjon nr. 169 ...»
  6. Regjeringen.no St.prp. nr. 80 (1997-98) . «3.7 Om avgivelse av erklæring om den norske forståelsen av begrepet. ... Enkelte organisasjoner fra romanifolket (tatere/de reisende) ønsker heller ikke å bli «erklært» som nasjonal minoritet».
  7. Regjeringen.no St.prp. nr. 80 (1997-98) . «3.7 Om avgivelse av erklæring om den norske forståelsen av begrepet «nasjonale minoriteter». ... Konvensjonens bestemmelser gjelder likevel fullt ut for de grupper eller enkeltpersoner som ønsker å påberope seg dens bestemmelser.»
  8. Regjeringen.no St.prp. nr. 80 (1997-98) . «3.7 Om avgivelse av erklæring om den norske forståelsen av begrepet «nasjonale minoriteter». ... Konvensjonens bestemmelser gjelder likevel fullt ut for de grupper eller enkeltpersoner som ønsker å påberope seg dens bestemmelser.»
  9. Regjeringen.no St.prp. nr. 80 (1997-98) . «3.6 Om den norske forståelsen av begrepet «nasjonale minoriteter» 3.6.1 Generelt. ... Det må imidlertid presiseres at enkeltpersoner har full rett til å avgjøre at de selv ikke ønsker å bli behandlet som tilhørende en nasjonal minoritet, se konvensjonens artikkel 3.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]