Natthimmellys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Natthimmellys over horisonten, teken frå ISS.
Kometen Lovejoy passerer føre natthimmellyset til jorda den 22. desember 2011

Natthimmellys, ofte omtalt med det engelske namnet airglow, er er ein veldig svak emisjon av lys av ein planetarisk atmosfære. I tilfellet med jordatmosfæren vert dette optiske fenomenet skapt av at nattehimmelen aldri blir heilt mørk, sjølv etter at effektane med stjernelys og diffust sollys frå den andre sidan er fjerna. Natthimmellys kjem av kollisjonar mellom atom og molekyl som fell mot atmosfæren frå solvinden eller verdsrommet. Lyset ligg over heile himmelen og kjem hovudsakleg frå to område i atmosfæren, i høgda 80-130 km og 150-300 km.

Sett utanfrå vil jorda omgje seg med ei lysande sky kalla geokorona.

Natthimmellys må ikkje forvekslast med polarlys, sjølv om nokre av spektrallinjene er dei same.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]