Naturkatastrofe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsunamien i Thailand i 2004

Naturkatastrofe er ei hending som utgjer ein mikroskopisk del av den geologiske tidsrekninga, men som kan sette tydelege spor i den sedimentære lagrekka. Desse hendingane kan ofte finnast att ved paleontologiske eller sedimentologiske undersøkingar.

Studiar av naturkatastrofar omfattar å vurdere, førebygge og avhjelpe hendingar som kjem av geologiske tilhøve eller prosessar, og som er til fare for menneske, eigedom eller det naturlege miljøet. Dei største farane oppstår ved skred i lausmasser og berg forårsaka av nedbør, flaum, jordskjelv og menneskeleg påverknad. Skred ut i innsjøar og fjordar, undersjøiske skred og jordskjelv kan forårsake øydeleggande flodbølger (tsunamiar).

Avdelinga for miljøgeologi, hydrologi og naturkatastrofer ved Institutt for Geofag ved UiO har eit nært samarbeid med The International Centre for Geohazards (ICG) på Norges Geotekniske Institutt (NGI). Saman har desse institusjonane stor kompetanse innan analytisk og numeriske modellering og eksperimentelle metodar, og har omfattande praktisk erfaring med feltobservasjonar og førebyggande tiltak.

Naturskade[endre | endre wikiteksten]

Hvert år blir ulike samfunn ramma av naturskade. Spesielt blir bønder som driv med jordbruk eller dyrehald ramma.

Naturskadar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Vi har ikkje hatt noko hending som kan reknast som naturkatastrofe i Noreg i nyare tid. Imidlertid har naturskade ramma liv og eigedom. Nokre kjente naturskadar:

Slik skade blir ikkje omfatta av private forsikringar. I staden gjev staten naturskadeerstatning.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Omsett frå Wikipedia på bokmål 11.12.07