Nedresjøen i Dronning Maud Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nedresjøen
innsjø
Land  Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - høgd 563 moh.
 - koordinatar 71°20′S 13°27′E
Lengd 6,5 km
Areal 11,4 km²
Type Brevatn
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Nedresjøen i Dronning Maud Land
71°19′0″ S 13°27′0″ E
Nedresjøen i Dronning Maud Land is located in Antarktis
Nedresjøen i Dronning Maud Land (Antarktis)
Wand et al.[1]

Nedresjøen (tysk Untersee) er den største innsjøen i det indre av Gruberfjella sentralt i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Han ligg 90 km sørvest for Schirmacheroasen. Innsjøen er kring 6,5 km lang og 2,5 km brei, med eit areal på 11,4 km2, og ei største djupne på 169 m. Innsjøen er permanent isdekt og grensar delvis til isbrear.[2][3]

Nedresjøen er ein uvanleg innsjø med ein pH mellom 9,8 og 12,1[1][4], med opplyst oksygen i eit nivå på 150 prosent overmetting og særs låg primærproduksjon i vassøyla. Trass id et høge oksygeninnhaldet, er det eit lite område i sørenden som er oksygenfattig der sedimenta har ein høgare konsentrasjon av metan enn nokon annan kjend innsjø på jorda.[4][5] Mykje av primærproduksjonen er i mikrobesamfunn som veks på botnen av innsjøen som stromatolittar.[6] Vasstemperaturen varierer mellom 0,5 ºC og 5 ºC og isen som dekkjer innsjøen er 2-6 meter tjukk.[1][4] Isdekket kan ha vart i over 100 000 år og somme klimaforskarar fryktar store miljømessige endringar i samband med global oppvarming dei neste tiåra.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart som syner plasseringa til Nedresjøen

Nedresjøen ligg i det indre av Gruberfjella sentralt i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis, og ligg på kring same lengdegrad som Huab i Skeleton Coast National Park på nordkysten av Namibia. Han ligg 90 km sørvest for Schirmacheroasen.[7]

Innsjøen er kring 6,5 km lang og 2,5 km brei og har eit areal på 11,4 km2. Den strøste djupna er 169 m. Han er permanent isdekt og er demd opp av Anuchinbreen og smeltevatn frå Anuchinbreen er hovudvasskjelda.[1] Innsjøen har ingen utløp. Vatnet forsvinn gjennom sublimasjon og ablasjon frå isdekket. Innsjøen er kategorisert som ein ultra-oligotrofisk innsjø.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen vart oppdaga av Den tyske antarktisekspedisjonen i 1938–39. Etter det har fleire ekspedisjonar studerte eigenskapane i innsjøen. Den første studien av innsjøen vart utført av N.G. Kosenko og D.D. Kolobov tidleg i 1969, og sidan fleire studiar av russiske og tyske forskarar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 U. Wand, G. Schwarz, E. Bruggemann and K. Brauer (1997). «Evidence for physical and chemical stratification in Nedresjøen (central Dronning Maud Land, Aust-Antarktis)». Antarctic Science Journal 9 (1): 4345. doi:10.1017/S0954102097000060. 
  2. W.-D. Hermichen, P. Kowski & U. Wand (1985). «Lake Untersee, a first isotope study of the largest freshwater lake in the interior of East Antarctica». Nature 315 (6015): 131–3. doi:10.1038/315131a0. 
  3. 3,0 3,1 «Antarctica’s Lake Untersee and global warming». Kinohi Institute. Henta 23. februar 2014. [daud lenkje]
  4. 4,0 4,1 4,2 U. Wand & V. A. Samarkin & H.-M. Nitzsche & H.-W. Hubberten. «Biogeochemistry of methane in permanently icecovered Lake Unteresee, central Queen Maud Land, East Antarctica». Limnology and Oceanography 51 (2): 1180–1194. >
  5. «Extremophile Hunt Begins». NASA Science. 7. februar 2008. Arkivert frå originalen 23. mars 2010. Henta 23. februar 2014. 
  6. Andersen, DT; Sumner, DY; Hawes, I; Webster-Brown, J; Mckay, CP. «Discovery of large conical stromatolites in Lake Untersee in Antarctica». Geobiology. Henta 23. februar 2014. 
  7. Hoover, Richard B. (29 mai 2008). «SCHIRMACHER OASIS/LAKE UNTERSEE Antarktis eiSTROBIOLOGY EXPEDITION» (PDF). Explorers.org. Henta 23. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]